Det vart også 17. mai 2021 gjennomført eit lovleg og passeleg stort tog på Barmen. 

Leiar i Barmøy bygdelag, Hanne Marie Utvær,  helste dei som møtte fram ved Grendahuset. – Vi er heldige som bur her vi bur, sa Hanne Marie.

På grunn av situasjonen med Covid-19 var det ikkje laga til noko arrangement i grendahuset. Likevel hadde bygdelaget pynta fint rundt grendahuset. Det vart ei kort, men fin og verdig markering av grunnlovsdagen. Etter song av nasjonalsongen og ein ispinne på kvar, gjekk alle kvar til sitt.

Blå himmel over grendahuset 17. mai 2021. FInt å vere ute. (Foto: Håvar Fagerli)
Alle stod i sine kohortar under synging av nasjonalsongen. (Foto: Håvar Fagerli)
Barmøy bygdelag hadde pynta fint utanfor grendahuset. (Foto: Håvar Fagerli)