Barmøy bygdelag hadde måndag 3. september møte der dei kom med framlegg til offisielle  vegnamn på øya.

Bygdelaget ynskjer å namngje fire vegparsellar på øya. Desse er:

  • Vegen frå Røysane til krysset på Bakkebøen bør heite Barmavegen
  • Vegen frå krysset på Bakkebøen til Vikja bør heite Vikasvingane
  • Vegen frå krysset på Bakkebøen til Fjellet bør heite Fjellvegen
  • Vegen frå krysset ved Innigard til Røyset bør heite Røysetevegen

Under møtet vart grendahuset mørklagt, men det stoppa ikkje det gode ordskiftet.

Bygdelaget i arbeid under gode lysforhold. ((Foto: Håvar Fagerli)
Sjølv under krevjande lysforhold kom bygdelaget fram til gode namnealternativ. (Foto: Håvar Fagerli)