Mellom Korsnes og Røyset står det ein bautastein med innskrevne runer. Ein har tidfesta innskrifta på runesteinen til år 400, og er med det av dei eldste i Sogn og Fjordane.
Runene er frå den eldre runerekkja, og dei lærde er usamde om tydinga. Runesteinen er no gjort meir synleg med skilt, og det er høve for kvar enkelt å gjere seg opp ei meining om tydinga.

Skiltet som er plassert ved runesteinen er laga av Eid vidaregåande skule for nokre år sidan, på oppdrag av Reiselivsorganisasjonar og Nordford-kommunane. Tolkinga som kjem fram på dette skiltet er at runene, som lyer ek thirbirjar, tyder den som gjer kraftlaus.
Dette er berre ei av mange tolkingar. Det som er felles for alle dei ulike tolkingane er at forskarane meiner at Barmen har vore eit sentrum i eldre tider. Kva slags sentrum er det litt ulike meiningar om. Historikarane har omtala Barmen både som eit senter for handel, religion og erotiske aktivitetar.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane skriv følgjande om runesteinen på Barmen:
På Barmen står ein runestein «sød i stranda». Runene er frå den eldre runerekkja med 24 teikn. Ein har tidfesta innskrifta til tida 400-450 e. Kr. Runespesialisten Magnus Olsen har tolka innskrifta til: Eg Terbes son riste øyra. Dr. philos Kjell Aarthun, statsstipendiat i orientalske språk, meiner noko heilt anna.
Barmasteinen
Runesteinen sød i stranda» seier folket på Barmen om ein av dei eldste runesteinane i fylket. Fagfolk brukar den meir offisielle forma Barmensteinen. Han står mellom Korsneset og stranda, vel 20 m ovanom vegen. Høgda er kring 1,5 m, breidda kring 0,5 meter. I bygdeboka for Selje og Vågsøy som kom ut i 1957, er staden omtala som Kortevarden, men det er ei nemning folket på Barmen ikkje er kjende med no.
Runeteikn og figur
Den eldre runerekkja inneheld 24 teikn og vert kalla FUTHARK-en (TH – eitt teikn) etter dei 6 fyrste teikna i rekkja. Fleire av teikna på Barmensteinen er utydelege og dermed vanskelege å lesa. Ein har meint det står EK ÞIRBJAR R og så ein rundvoren figur.
Magnus Olsen si tolking
Magnus Olsen har tolka innskrifta til «Eg Terbes son riste øyra», og han meiner figuren kan vera eit saueøyra. Meininga er at sonen til Terbe rista runene til vern mot sauetjuvar, eller til vern om sauene sine. Runene hadde magisk kraft i seg. Magnus Olsen daterer innskrifta til 400-450 e.Kr.
Handelstasjon på Barmen for 4000 år sidan
Kjell Aarthun er av ei heilt anna meining. For det fyrste meiner han innskrifta er mykje eldre. Ho må ha vorte til ein gong i Bronsealderen (1500 – 500 f.Kr.) og har ingen ting med sauehald å gjera.
Aarthun knyter skriftteikna og innhaldet til ein orientalsk/semittisk kultur med opphav på Kreta 1600-1700 f.Kr. Det finst «tusenvis» liknande kulturminne i området Orienten oppover mot Kolahalvøya i Russland. Dei er laga av folk som bygde handelskoloniar denne vegen og vidare sørover norskekysten, jamvel over havet til Island.
Aarthun meiner Barmen var ein slik handelsstasjon der dei farande kunne bu i fleire månader.
Orientalsk/semittisk kultspråk
Eit karakteristiske trekk ved det semittiske kultspråket er den store ordrikdomen, variasjonen i ord og uttrykk av tilnærma synonym tyding. Det er bestemt, uforma og nyansert av den orientalsk/semittiske fruktbarhetskulten/seksualkulten. Det er einast innanfor denne råma ein kan forstå språket. Sentralt står alltid den mannlege eller kvinnelege «partnar», den eller deira tilstand, handling/ar og skjebne, og til sist det tilsikta kultiske mål: skaping av grunnlaget for nytt liv.
Erotisk innhald
Innhaldet på Barmensteinen er retta mot sluttfasen eller høgdepunktet. Det er ei oppfordring til «partnaren» om å gjennomføra kjønnsakta:
– du som er fylt av attrå – sunn og sterk – i sanning – sameina deg med
– den som er dekka av skum -; du som gjennomborar – den som ber kjønnsleg attrå –
Amerikansk professor avviser
Elmer H. Antonsen, pensjonert professor i germanske språk, Urbana-Champaign universitetet i Illinois, USA, avviser Aarthun sine teoriar som rein fantasi utan det minste vitskaplege grunnlag. Barmensteinen er på ingen måte uvanleg med omsyn til innhald, forma runene har eller språket teksten er skriven i, og innskrifta kan med visse daterast til perioden ca 200-450.
Prenta kjelder:
Hermund Kleppa, 2000.
Prenta kjelder:
Drabløs, Odd L.: Runesteinen på Barmen. I Fjordenes Tidende. 20.10.2000.
Sogn Dagblad. 30.03.1988.
Os, Edvard: Selje og Vågsøy Bygdene og bygdesamfunnet. Oslo 1957.
Uprenta kjelder:
Aarthun, Kjell: Barmen steinskrift. Brev til Halvdan Solvåg, 20.07.2000.
Amundsen, Elmer H.: E-post til Fylkesarkivet. 14.11.2000.