Det skjer mykje spennande på Barmen i påska.

Skjærtorsdag kl. 20:00 inviterer vi ein hyggjeleg kveld i grendahuset. Det blir lett underhaldning med spørjeleik og anna moro og kanskje nokre artige premier. Ta med det du ynskjer av mat og drikke, vi stiller med poteter, loff og smør.

Søndag 1. påskedag inviterer bygdelaget til stirydding og merketur frå kl. 12 om været er godt. Møt opp på Kåsabakkjen og ta gjerne med greinsaks eller greinsag. Frå kl. 14 er det ope hus i grendahuset, vi grillar ute om det er fint vær og inne er det kafé. Vi set pris på bidrag til kafeen i form av kake eller gjerbakst.

Velkomen til Barmen i påska!

Ferjeruta i påska:

Skjærtorsdag, langfredag og påskeaftan er det laurdagsruter. 1. påskedag og 2. påskedag er søndagsruter. Lenke til ferjeruta.