Øya Barmen ligg i flott vestlandsnatur på 62. breiddegrad i Selje kommune, ytst i Nordfjord, mellom den mektige Stadhalvøya og storhavet i vest. Barmen har ein natur som kombinerer hav og fjell. Her er det korte avstandar frå eit hav rikt på fisk til flott turterreng i fjellet.
I tillegg har Barmen eit levande bygdesamfunn der alle dreg i lag, ung som gammal. I løpet av året vert det arrangert juletrefest, basar, julebord, temafestar, kafèar med meir, der alle deltek på den eine eller andre måten. Vi er ikkje så mange som bur her, men vi har det fantastisk triveleg saman. Og vi har plass til fleire!
For å få eit inntrykk av både geografi, næringsliv og folket på Barmen er det nok best å sjølv besøkje øya. Så det er berre å ta turen! For å hjelpe litt til og vise kva de har i vente kan de under sjå ein liten presentasjonsvideo av kvar av dei fire bygdene på øya, Barmen, Røyset, Vikja og Fjellet.
BARMEN – grenda ved ferjeleiet
Barmen er den første bygda ein kjem til med ferja. Dette er den største bygda på øya. I tillegg til at ferjeselskapet som i dag driftar ferjesambandet, finn ein her fleire turistverksemder som driv med både båtutleige, hytteutleige og fiskeopplevingar. Her bur det både skuleborn og vaksne som pendlar til fastlandet kvar yrkedag. På dei fleste bruka held ein gammalnorsk sau, slik at grenda er fin og grøn. (Video: Håvar Fagerli)
RØYSET – grenda nord på øya
Etter ein fem kilometer lang biltur langs Røysetstranda kjem ein til jordbruksbygda Røyset. Her er gardsbruk som driv med mjølkekyr, hytteutleige og maskinentreprenør. Frå denne bygda dagpendlar det fleire til arbeid på fastlandet. (Video: Håvar Fagerli)
VIKJA – grenda mot storhavet
Vikja ligg fint til ved storhavet, 4,7 km frå ferjekaia i Barmen. I den idylliske bygda er der både mjølkebruk og turistverksemd. (Video: Håvar Fagerli)
FJELLET- grenda 130 m.o.h.
Fjellet, eller Myklebust, ligg 130 m.o.h. og 4,5 kilometer frå ferjekaia i Barmen. Her bur det både skuleborn og vaksne som pendlar til fastlandet kvar yrkedag. Her er det gjestehus med matservering, den største besteninga av gammalnorsk spælsau i regionen, hytteutleige, grendahus og eit lite medieselskap. (Video: Håvar Fagerli)
SKJOLDEN – friluftsområdet
Barmen er kåra til det mest attraktive friluftsområdet i Selje kommune. Den høgste fjelltoppen på øya, Skjolden (545 m.o.h.) er eit populært turmål i regionen og er på turprogrammet til Ytre Fjordane Turlag. (Video: Håvar Fagerli)