Heile 80 personar trassa regnet og kom til Barmen på bygdevandring 30.06.2019.
Arrangementet var ein del av Stadar i Stad sitt turprogram, og lokal arrangør var Barmøy bygdelag.
Då ferja kom over til fastlandet var heile ferjekaia smekkfull av bilar og spente bygdevandrarar. Ferja sende med ein gong melding til grendahuset at her måtte ein berre førebu seg til storinnrykk. Ferja måtte gå to gongar, og folket vart skyssa opp til grendahuset. Det vart litt venting for den første pulja, men dei fekk sjå litt dronefilm frå øya. Noko som kunne vere opplysande med tanke på skodda som låg tjukk over Barmen.

Svein Barmen ynskte alle velkomen, og gjestene fekk velje mellom guida biltur rundt på øya, fiske i Fjelltantet, guida tur/natursti til Solstien, guida fottur rundt Fjellvatnet og guida fjelltur til Skjolden.
Under finn de nokre bilete frå den guida bilturen rundt på øya.














Her kan de sjå dronefilmane som vart synt fram i grendahuset.