Skogkurs har gjennomført kurs i stell og bruk av motorsag på øya. Sju motiverte kursdeltakarar er no endå betre rusta i kampen mot attgroing.
Kurset starta med ein teoridag i grendahuset. Dagen etter fekk kursdeltakarane praktisk øving med motorsaga i ein skogteig på Bakkebøen.

Av dei sju som deltok på kurset var det fire med tilknyting til Barmen. Dette var Magny, Knut-Steffen, Ingmar og Joakim.
Det var eit strålande vêr begge dagane, og kurset var både lærerikt, nyttig og kjekt, seier kursdeltakarane til barmen.no.