Fredag 27.11. var det julegrankveikjing på ferjekaia. For første gong utan ferjeprodusert gløgg.
Det vart ei svært hyggeleg stund på ferjekaia med både peparkaker, klementinar, kaffi og gløgg.
Alle tidlegare år har gløggen blitt produsert på ferja på rutefart mellom Barmsund og Barmen, men no er det nye tider med med ny ferje utan bysse. Difor vart det ikkje Linie-gløgg som har kryssa Barmsundet i år. Likevel smakte gløggen heilt utmerkt.

