Det blir nokre endringar i ferjeruta i jule- og nyårshelga.

Julaftan går ferja etter ordinær rute med siste avgang frå Barmen klokka 16:10 og siste avgang frå Barmsund klokka 16:30. 25. og 26. desember går ferja etter søndagsruter. Nyårsaftan går ferja etter ordinær rute med siste avgang frå Barmen klokka 19:30 og siste avgang frå Barmsund klokka 20:10. 1. nyårsdag går ferja etter søndagsruter. Ferjeruter finn du her.

Det vert tradisjonell juletrefest i Grendahuset på Barmen 27. desember klokka 17:00. Det vert julesong og julegong. Kanskje kjem nissen?

Barmen.no kan ikkje garantere kvit jul i år heller, så for å sikre eit glimt av kvit jul legg vi også i år med ein video om korleis ei kvit jul eventuelt kunne sett ut. God jul!