Inviterer til basar 22. oktober: – Du kan allereie no kjøpe lodd

Det blir basar i grendahuset 22. oktober. (Foto: Håvar Fagerli)

Barmøy bygdelag inviterer til den årlege basaren i grendahuset søndag 22.10. kl 14.00.

I år òg inviterer vi til både fysisk og digital basar, med høve til å ta lodd frå og med no og til søndag 22.10. kl 12.00 Dei som kjem på basaren kan likevel kjøpe fleire lodd der.

Du kan ta lodd ved å sende ein sms til leiar i bygdelaget på tlf 911 02 779, der du skriv kor mange lodd du vil ha og korleis du vil betale. Dersom du betalar med Vipps må du sende med kvittering på at du har vippsa Barmøy bygdelag.

Søk opp Barmøy bygdelag på Vipps for å vippse. Dersom du vil betale med kontantar seier du i frå på sms så avtalar vi betaling. Det kostar kr 10,- pr. lodd.

I tillegg til mange fine gevinstar frå bygdefolk, har vi vore så heldige å få sponsa flotte gevinstar frå næringslivet i regionen vår. Vinnarane vert annonsert på barmen.no og på facebooksida vår.