Flaggborga heldt god fart, og med det vart det mange luker i toget 17. mai 2020.

SjÞlv om den tradisjonelle markeringa av nasjonaldagen var avlyst, samlast likevel ein liten gjeng ihuga toggjengarar seg ved grendahuset pÄ nasjonaldagen.

Leiar i bygdelaget, Hanne Marie UtvÊr, hadde ordna med bÄde sprit og songbÞker. (Foto: HÄvar Fagerli)

Smittevern i fokus

Ein av fordelane med Ä vere sÄ fÄ fastbuande er at vi greier Ä halde oss innanfor gjeldande smittevernreglar, ogsÄ nÄr det kjem til tog. Leiar i BarmÞy bygdelag, Hanne Marie UtvÊr, delte ut bÄde songbÞker og desinfiseringssprit fÞr dei 15 frammÞte song nasjonalsongen.

Flaggborga var plukka ut med tanke pÄ tryggleik og avstand. Med to rappfÞtte damer i front vart det stor strekk i toget, med god og trygg avstand.

Kryssa vegen framfor toget

Det mest dramatiske som hende pÄ turen frÄ grendahuset mot krysset og tilbake, var ein meitemark som kryssa vegen rett framfor toget. Ei observant flaggborg fekk stoppa toget, til meitemarken var komen trygt over pÄ andre sida av vegen.

Det vart ikkje noko felles arrangement i grendahuset dette Äret, men likevel ei lita og fin markering utandÞrs.

Song av nasjonalsong. Grupperingane stÄr familievis, men held trygg avstand til neste familie. (Foto HÄvar Fagerli)