Audny Myklebust (f.v.), Hanne Marie Utvær og Frøydis Vagstad i Barmøy bygdelag inviterte til ferjefest for å takke av Barmøyferja AS. Middag, kaker, konsert, dekkdans til levande musikk og ferjecruise var berre litt av det som stod på programmet.

31.mai er siste dag Barmøyferja AS driftar sambandet mellom øya Barmen og fastlandet. For å heidre og takke ferjeselskapet, mannskapet og ferja, inviterte Barmøy bygdelag til ferjefest.

Ferjefest: God stemning om bord på MF «Barmøy» då Barmøy bygdelag inviterte til ferjefest. (Foto: Håvar Fagerli)

Sidan festen vart halden på heidersgjesten sjølv, MF «Barmøy», vart det sett eit tak på 50 gjester. Arrangøren Barmøy bygdelag fortel at gjestelista fort vart full, og at mange ville vere med å takke av dei lokale aktørane som har drifta sambandet Barmen-Barmsund dei siste tiåra.

Frå 1. juni overtek reiarlaget Vidar Hop Skyssbåter AS drifta av sambandet mellom øya Barmen og fastlandet. Inn i sambandet kjem også etter kvart ei heilt ny elektrisk ferje. Ferjefesten på MF «Barmøy» denne laurdagskvelden vart såleis ein fest for både takksemd og framtidstru.

Festpynta ferje

Eldsjelene i Barmøy bygdelag hadde i samarbeid med ferjemannskapet gjort MF «Barmøy» om til ei ekte festferje. Bord og stolar til 50 gjester var sett ut på dekk. Festflagg og norske flagg hang side om side rundt om på heile ferja. Mot regn og vind var det hengt opp ein stor kvit duk over dekk.

Festpynta seglferje: MF «Barmøy» er rusta for fest i allslags vêr. (Foto: Håvar Fagerli)

– No når gamleferja har blitt ei seglferje, er det vel det like miljøvenleg som ei batteriferje, humra musikar Kristian Bergo frå scena.

Godt plassert under det kvite seglet fekk festlyden servert fiskegryte av Tove & Tor Ivars, og det vart skåla i bobler. Middagen vart sjølvsagt avslutta med at festlyden gjekk polonese rundt om på ferja til felespel frå Henriette Solvåg-Mathisen.

Felespel: Henriette Solvåg-Mathisen vart utfordra til ein konsert med fela. Det vart ein stemningsfull og fin konsert, der ein også heidra minnet til Halvdan Solvåg (reiar og ferjeskipper) som døydde i fjor. (Foto: Håvar Fagerli)
Polonese: Svigerson Magne Solvåg-Mathisen og svigermor Gudfinna Solvåg leiar polonesen. (Foto: Håvar Fagerli)

 – Fantastisk ferjemannskap

Leiar i Barmøy bygdelag, Hanne Marie Utvær, er takksam for alt det ferjeselskap og ferjemannskap har gjort for folket på Barmen.

– Vi er imponert over alt det ekstra som ferjemannskapet og ferja gjer for oss, seier Hanne Marie Utvær. Ho ramsar opp alt som ferjemannskapet gjer som ein ekstra sørvis for bygdefolket og hyttefolket på Barmen. Det vere seg både å ta med post og varer. I tillegg har Barmøyferja AS vore ein ekstra tryggleik for øybuarane med tanke på transport når nokon er sjuke eller treng hjelp frå andre naudetatar.

Reiarar: Gudfinna Solvåg og Tor Evjen i Barmøyferja AS vart heidra av Barmøy bygdelag. (Foto: Håvar Fagerli)

– Ferja betyr utruleg mykje for oss som bur her. Vi gler oss sjølvsagt til å få ei ny ferje, men denne her har no tent oss godt. Og ikkje minst har dei som eig og driv ferja tent oss godt, seier Hanne Marie Utvær.

Dei to reiarane i Barmøyferja AS, Gudfinna Solvåg og Tor Evjen, fekk kvar si blomehelsing frå bygdelaget til stor applaus og jubel frå festlyden.

Ordførar: Stein Robert Osdal takka Tor Evjen og Barmøyferja AS for godt samarbeid med Selje kommune. (Foto: Håvar Fagerli

Ordførar Stein Robert Osdal (KrF) delte også ut blomar til reiarlaget ved Tor Evjen, og takka på vegne av Selje kommune for godt samarbeid. Ordføraren bad reiarlaget dele blomane med folket på øya, og takka øyfolket for stort engasjement og kreativitet.

– Ein slik fest som dette har vel sjeldan eller aldri vore gjort før. Så den kreativiteten set eg umåteleg stor pris på, sa ordførar Stein Robert Osdal i talen sin.

God stemning: Ingrid Oline Solvåg og Henriette Solvåg-Mathisen lyste opp ferjefesten på sin måte. (Foto: Håvar Fagerli)

Nye ferjeruter frå 1. juni