5. desember 2023
Det blir kino i grendahuset tysdag 11. desember. Grinchen klokka 17:30 og Bohemian Rhapsody klokka 20:00. Tidspunkta høver godt til ferjerutene. Det går ferje frå fastlandet klokka 16:50 (retur klokka 19:30). Så går det ei ferje frå fastlandet klokka 20:00 med retur når Bohemian Rhapsody er ferdig. Sjølvsagt kan ein sjå begge filmane, og då også nyte godt av alle varene i...

Juklegrankveiking

Det vert kveiking av julegrana på ferjekaia fredag 30. desember klokka 17:00. Velkomne!
Onsdag 5 desember kjem representantar frå Selje kommune og vil møte bygda om kulturminner og kulturminneplanen. Møtet vert grendahuset klokka 17:30. Det ligg eit hefte med meir informasjon på ferja.  
Det blir kino i grendahuset laurdag 13. oktober. Mamma Mia! klokka 14:15 og Skjelvet klokka 17:00. Tidspunkta høver godt til ferjerutene. Det går ferje frå fastlandet klokka 13:35 (retur klokka 16:15). Så går det ei ferje frå fastlandet klokka 16:30 med retur når Skjelvet er ferdig. Sjølvsagt kan ein sjå begge filmane, og då også nyte godt av alle varene i...

Vegnamn på Barmen

Barmøy bygdelag hadde måndag 3. september møte der dei kom med framlegg til offisielle  vegnamn på øya. Bygdelaget ynskjer å namngje fire vegparsellar på øya. Desse er: Vegen frå Røysane til krysset på Bakkebøen bør heite Barmavegen Vegen frå krysset på Bakkebøen til Vikja bør heite Vikasvingane Vegen frå krysset på Bakkebøen til Fjellet bør heite Fjellvegen Vegen frå krysset...
Ein kan no få kjøpt hyttetomt med naust og båtplass ved ferjekaia i Barmen. Nerlid hyttegrend består av totalt elleve tomter. Det er Terje Vartdal og Frode Eide som står bak prosjektet, og gler seg over at ein no kan setje planane ut i livet. Om alt går etter planen, og interessa er til stades blant kjøparane, seier dei til...
Dronning Sonja rakk ikkje gå i land på Barmen på veg til Selja.  Likevel fekk dronninga og følgjet hennar, nyte synet av Barmen frå sjøsida på veg til Bjørgvin Bispedøme sitt 950-års jubileum.  
Ytst i fjøresteinane ved Røyset på Barmen ligg der ein stein og vippar. Steinen har namnet Kråkesteinen. Sagnet seier at trollet på fastlandet ein gong for veldig lenge sidan har kasta denne steinen mot Barmen. Trollet på Barmen kasta ein stein tilbake, og denne finn vi langt inne på fastlandet. https://vimeo.com/278328299
Tove Måløy og Tor Ivar Østreng har tatt over drifta av Doktorgarden i Selje. Dette gjer at Barmøy Gjestehus ikkje held ope denne sesongen. Slagordet til Barmøy Gjestehus er "tiden hviler middag". - No blir det Barmøy Gjestehus som kviler middag, seier Tove og Tor Ivar. Tove og Tor Ivar skal framleis bu på Fjellet medan dei driftar Doktorgarden i Selje. Vi...
Barmaren Johanna Magdeli Utvær Petterson vann skule-NM i kokkefaget i Trondheim i dag. Johanna bur på Barmen og pendlar dagleg til Måløy vidaregåande skule der ho er elev i 2 KSA. Vi gratulerer den ferske noregsmeisteren. Vi er fantastisk stolt av deg, Johanna!
0TilhengararLik