2. desember 2021

Vegnamn på Barmen

Barmøy bygdelag hadde måndag 3. september møte der dei kom med framlegg til offisielle  vegnamn på øya. Bygdelaget ynskjer å namngje fire vegparsellar på øya. Desse er: Vegen frå Røysane til krysset på Bakkebøen bør heite Barmavegen Vegen frå krysset på Bakkebøen til Vikja bør heite Vikasvingane Vegen frå krysset på Bakkebøen til Fjellet bør heite Fjellvegen Vegen frå krysset...
Det blir kino i grendahuset laurdag 13. oktober. Mamma Mia! klokka 14:15 og Skjelvet klokka 17:00. Tidspunkta høver godt til ferjerutene. Det går ferje frå fastlandet klokka 13:35 (retur klokka 16:15). Så går det ei ferje frå fastlandet klokka 16:30 med retur når Skjelvet er ferdig. Sjølvsagt kan ein sjå begge filmane, og då også nyte godt av alle varene i...
8. mai klokka 05:00 var det hjorteteljing på Barmen. Fem observatørar gjekk då ut samstundes, og til saman såg dei 112 hjort. Kvart år blir det gjennomført teljing av hjort på Barmen. Eit teljekorps har fordelt seg på fem ulike geografiske område, og køyrer ut til nøyaktig same tid. Klokka 05:00. Med kikkert, fotoapparat med telelinse og notatblokk blir kvar...
Her finn du informasjon om ferjeruter i julehelga og arrangement i grendahuset jula 2018. Det er endringar på oppsette ferjeruter på sambandet Barmen-Barmsund følgjande dagar: Julafta, 1. juledag, 2. juledag, nyårasafta og 1. nyårsdag. Sjå endringane her. Fredag 28. desember klokka 1500 er det tradisjonell juletrefest i grendahuset. Ta med mat. Seinare på kvelden blir det juletrefotfest. Det ser ikkje ut til...
Det meiner administrasjonen ved Selje kommune at vegane på Barmen skal heite. Bygdelaget hadde framlegg om Barmavegen, Vikasvingane, Fjellvegen og Røysetevegen. Adressa til dei som bur langs vegen frå ferjekaia til Fjellet, blir då til dømes Barmen 6, 6715 Barmen. Selje kommune skal handsame saka i formannskapet 27.02.2019.  
Det er fleire sauer enn folk på Barmen denne påska også. Barmen brukar å mangedoble folketalet kvar påske, men slik vart det ikkje denne og førre påske. Barmen.no ynskjer alle ei god påske der ein er, og gler oss til normal påske igjen. Trykk her for ferjeruter.
Barmaren Johanna Magdeli Pettersson Utvær vann i dag, 07.12.2020, stipendet til KokkeKarlas Legat. Matprisen.no skriv: "Den som i år mottar stipendet til KokkeKarlas Legat er ei ung kokke med ambisjonene på plass. Hun kommer fra et småbruk på Barmøya i Selje hvor frukt- og bærplukking, sauehold, og sjarkfiske har formet hennes interesser for gode råvarer og tradisjonelle bevarings- og tilberedelsesteknikker. Gjennom...
Kinosjefen i Stad kommune, Janne Mari Hjelle, stilte med popcorn-maskin og serverte ekte kino-popcorn til publikum i grendahuset. Bygdekinoen inviterte til heile seks timar med kinofilm laurdag 16.10.2021. Då hadde det ikkje vore bygdekino i grendahuset sidan januar 2020. Folket på Barmen, ja til og med fleire på fastlandet, set stor pris på at Roar Bakke i Bygdekinoen kjem og gjer...
Sjølv om Johanna Magdeli Pettersson Utvær (19) har jobba for gullvinnarar frå Bocuse d'Or og lært seg kokkekunst på høgt nivå, trivast Johanna aller best med å lage vegetarrettar med råvarer frå Barmen. Dette seier Johanna i eit større portrettintervju som står i Aftenposten sitt magasin Mat fra Norge. Johanna legg ikkje skjul på kvar ho kjem frå, og kvar interessen...
Det blir nokre endringar i ferjeruta i jule- og nyårshelga. Julaftan går ferja etter ordinær rute med siste avgang frå Barmen klokka 16:10 og siste avgang frå Barmsund klokka 16:30. 25. og 26. desember går ferja etter søndagsruter. Nyårsaftan går ferja etter ordinær rute med siste avgang frå Barmen klokka 19:30 og siste avgang frå Barmsund klokka 20:10. 1. nyårsdag...
0TilhengararLik