5. desember 2023
Søndag 30. juni ynskjer BARMEN velkomen til bygdevandring, aktivitetar og og sosialt samvær i si bygd! Barmen inviterer til bygde-bilkøyring med guidar rundt til alle bygdene og kulturminna på øyna, ein kan låne sykkel og ta ein sykkeltur rundt Fjellvatnet (ta med hjelm), prøve fiskelukka i vatnet (ta med fiskestang), det blir vandring rundt Fjellvatnet, natursti for born og vaksne på Solstien og topptur til...
MF «Barmøy» har trufast sigla mellom Barmen og Barmsund sidan 2004, og med det blitt ein stor del av oppveksten til unge barmarar. - Eg hugsar spesielt dei gongane vi leika gøymsel rundt om på heile ferja, seier Nora Wold Haugland (17). - Eg brukte alltid å gøyme meg under trappa. Det var den beste gøymeplassen på heile ferja, kjem...
Laurdag 25.05. er det klart for den store ferjefesten. Arrangør er Barmøy bygdelag i samarbeid med Barmøyferja AS. Arrangøren informerer: For dei som kjem frå fastlandet: Ferja går til vanlig tid klokka16:30. Om de ikkje ynskjer å fylgje ferja tilbake til Barmen legg den til i Barmsund igjen etter ferjecruise, ca klokka 23:00. I Barmen er de hjarteleg velkomne ombord frå...

17.mai 2019

Barmøy bygdelag inviterer til feiring av nasjonaldagen i grendahuset klokka 1400. Det blir leikar, stafettar, fine premiar, sal av is og pølser. Ta gjerne med eit fat med mat til felles matbord. Kaffi og brus vert å få kjøpt. Velkomen til feiring på Barmen. 17. mai går ferja etter søndagsruter.
video
Barmen spelar ei sentral rolle i musikkvideoen til "På ei øy" av Line Dybedal.  I starten ser vi dronefilm frå Ekrane på Røyset. Vidare ser vi ferja "Barmøy" segle fint mot Barmen. Musikkvideoen vert avslutta med solnedgang frå Bruna. Line Dybedal seier til barmen.no at ho er glad for at ho fekk bruke filmklipp frå Barmen til denne musikkvideoen. Når ein...
No er stiane til Skjolden frå både Kåsabakkjen og Fjellet godt merkte og rydda. Ein dugnadsgjeng med Svein Barmen i spissen har brukt godvêrsdagane denne våren til rydding og merking av råsene til Skjolden. I løpet av påska 2019 har det vore svært godt besøk på Skjolden. God tur!
Kino, påskebingo og afterbingo er litt av det som skjer på Barmen i påska. Palmelaurdag 13.04. blir det kino i grendahuset. Sjå eiga sak. Langfredag 19.04. blir det bingo og kafè i grendahuset klokka 1700. (Ta med kontantar) Same dag blir det afterbingo klokka 2100. Nemda seier at ein kan ta med seg mat og drikke, og dei stiller med påskekviss og...
Kino i Barmøy grendahus laurdag 13. april. Klokka 1415 Dumbo (Ferje klokka 1335) Klokka 1700 Captein Marvel (Ferje klokka 1630) Les meir her Ferjeruter    
Det meiner administrasjonen ved Selje kommune at vegane på Barmen skal heite. Bygdelaget hadde framlegg om Barmavegen, Vikasvingane, Fjellvegen og Røysetevegen. Adressa til dei som bur langs vegen frå ferjekaia til Fjellet, blir då til dømes Barmen 6, 6715 Barmen. Selje kommune skal handsame saka i formannskapet 27.02.2019.  
Her finn du informasjon om ferjeruter i julehelga og arrangement i grendahuset jula 2018. Det er endringar på oppsette ferjeruter på sambandet Barmen-Barmsund følgjande dagar: Julafta, 1. juledag, 2. juledag, nyårasafta og 1. nyårsdag. Sjå endringane her. Fredag 28. desember klokka 1500 er det tradisjonell juletrefest i grendahuset. Ta med mat. Seinare på kvelden blir det juletrefotfest. Det ser ikkje ut til...
0TilhengararLik