MF «Barmøy» har trufast sigla mellom Barmen og Barmsund sidan 2004, og med det blitt ein stor del av oppveksten til unge barmarar.
- Eg hugsar spesielt dei gongane vi leika gøymsel rundt om på heile ferja, seier Nora Wold Haugland (17). - Eg brukte alltid å gøyme meg under trappa. Det var den beste gøymeplassen på heile ferja, kjem...
Her finn du informasjon om ferjeruter i julehelga og arrangement i grendahuset jula 2018.
Det er endringar på oppsette ferjeruter på sambandet Barmen-Barmsund følgjande dagar: Julafta, 1. juledag, 2. juledag, nyårasafta og 1. nyårsdag. Sjå endringane her.
Fredag 28. desember klokka 1500 er det tradisjonell juletrefest i grendahuset. Ta med mat. Seinare på kvelden blir det juletrefotfest.
Det ser ikkje ut til...
Det vert kveiking av julegrana på ferjekaia fredag 30. desember klokka 17:00. Velkomne!
Furua ved ferjekaia i Barmen vart kveikt 1. desember til applaus og enkel julesong.
Det var knytt stor spenning korleis furua ville ta seg ut med lys. Ut frå responsen frå dei frammøtte såg ho bra ut.
Etter kveikinga og julesong som ljoma mellom fjella serverte bygdelaget gløgg, kaffi, klementinar og peparkaker.
Ferja opna dørene og det vart ei trivleg stund inne...
Det blir kino i grendahuset laurdag 13. oktober. Mamma Mia! klokka 14:15 og Skjelvet klokka 17:00.
Tidspunkta høver godt til ferjerutene. Det går ferje frå fastlandet klokka 13:35 (retur klokka 16:15). Så går det ei ferje frå fastlandet klokka 16:30 med retur når Skjelvet er ferdig.
Sjølvsagt kan ein sjå begge filmane, og då også nyte godt av alle varene i...
No er stiane til Skjolden frå både Kåsabakkjen og Fjellet godt merkte og rydda.
Ein dugnadsgjeng med Svein Barmen i spissen har brukt godvêrsdagane denne våren til rydding og merking av råsene til Skjolden.
I løpet av påska 2019 har det vore svært godt besøk på Skjolden.
God tur!
I byggeperioden kan ikkje ferja ha lengre opphald eller ligge ved Barmen ferjekai.
Det blir derfor endring i rutetabell på sambandet Barmen-Barmsund. Ny rutetabell er i første omgang gjeldende frå og med 26. juni og til og med 19. august. Ny rutetabell finn du her.
Meir informasjon på nettsidene til Vestland fylkeskommune.
Frå 20. august vil denne rutetabellen gjelde:
Andre artiklar:
No skal det...
Flott småbruk på sørsida av Barmen nære sjøen med fint og koseleg bustadhus/fritidshus som er oppgradert i perioden 2008-2020 til sals.
På eigedomen er det oppført bustadhus frå 1919 som i perioden 2008-2020 er pussa opp med gode kvalitetar og tiltalande materialval og fargar. På eigedomen er det vidare låve og renovert naust i gåavstand frå eigedomen. Til eigedomen...
TV-aksjonen Leger Uten Grenser 2022 går til livreddande helsehjelp og medisinar til menneske som treng det mest.
- Barmøy bygdelag håpar at mange vil gje eit bidrag til vår digitale bøsse! Bli med å redde liv, kvart bidrag nyttar, seier leiar i Barmøy bygdelag, Hanne Marie Utvær.
Barmøy bygdelag inviterer til feiring av nasjonaldagen i grendahuset klokka 1400.
Det blir leikar, stafettar, fine premiar, sal av is og pølser.
Ta gjerne med eit fat med mat til felles matbord. Kaffi og brus vert å få kjøpt.
Velkomen til feiring på Barmen.
17. mai går ferja etter søndagsruter.