Barmøy bygdelag inviterer til kulturkveld i Grendahuset laurdag 14. september kl. 18:00.
Vi serverar hjortegryte med tilbehør og dessert til kr. 150,-
Det blir blant anna utstilling av gamle handarbeid.
Håpar mange tek turen til ein hyggeleg kveld med mimring og historiar frå ei svunnen tid.
Påmelding til Audny på telefon 93052923 innan 7. september.
Heile 80 personar trassa regnet og kom til Barmen på bygdevandring 30.06.2019.
Arrangementet var ein del av Stadar i Stad sitt turprogram, og lokal arrangør var Barmøy bygdelag.
Då ferja kom over til fastlandet var heile ferjekaia smekkfull av bilar og spente bygdevandrarar. Ferja sende med ein gong melding til grendahuset at her måtte ein berre førebu seg til storinnrykk. Ferja...
Barmøy bygdelag vil takke alle som støtta opp om basaren i grendahuset laurdag 06.11.21
-Vi ynskjer å takke alle som sponsa oss og som gav oss gevinstar og alle som støtta oss med å ta lodd og kome på basaren, seier leiar Barmøy bygdelag, Hanne Marie Utvær.
Dei 17.800 kronene kjem godt med til drifta av Barmøy grendahus.
Laurdag 25. november inviterer Barmøy bygdelag til bursdagsfeiring for Barmøy grendehus.
Barmøy grendehus vart bygt i 1933, og bygdelaget lagar no til jubileumsfest for 90-åringen. Bursdagsbarnet stiller sjølv med lokale, og bygdelaget fyller festen med innhald.
- Det blir middag med dessert og kaker, historieforteljingar og utstillingar med meir, seier leiar i Barmøy bygdelag, Hanne Marie Utvær.
Barmøy grendehus er viktig for...
Endeleg skikkeleg 17. mai feiring att! Barmøy bygdelag inviterer til feiring av nasjonaldagen i grendahuset klokka 1400.
Det blir leikar, stafettar, fine premiar, kaffi, brus, kaker, is og pølser.
Ta gjerne med eit fat med mat til felles matbord. I år har tek vi ein inngongssum på 200,- som inkluderar alt du vil ete og drikke, 3 runder pilkast, 3 runder...
Barmøy bygdelag inviterer til den årlege basaren i grendahuset søndag 22.10. kl 14.00.
I år òg inviterer vi til både fysisk og digital basar, med høve til å ta lodd frå og med no og til søndag 22.10. kl 12.00 Dei som kjem på basaren kan likevel kjøpe fleire lodd der.
Du kan ta lodd ved å sende ein sms til...
Storfilmane Dune og James Bond kjem til Barmøy grendahus laurdag 16. oktober
Det blir nesten seks timar film i grendahuset denne laurdagen. Det ryktast at det kan bli heilt ekte kino-popcorn i grendahuset. Velkomen til filmdag på Barmen!
Les meir på sidene til Bygdekinoen.
Skogkurs har gjennomført kurs i stell og bruk av motorsag på øya. Sju motiverte kursdeltakarar er no endå betre rusta i kampen mot attgroing.
Kurset starta med ein teoridag i grendahuset. Dagen etter fekk kursdeltakarane praktisk øving med motorsaga i ein skogteig på Bakkebøen.
Av dei sju som deltok på kurset var det fire med tilknyting til Barmen. Dette var Magny,...
12. april 2018 arrangerte Barmøy grunneigarlag førstehjelpskurs og kurs i bruk av hjartestartar. Kurshaldarar var Marie Vikene Berge og Janne Lunde i Ambulansetenesta i Selje.
Her kan de lese om då Barmøyferja spelte hovudrolla i ei storøving for politi, ambulanse og brann.
Lenkje til video som viser korleis ein brukar hjartestartar.
Oktober:
Ein dag i oktober
- FERJEFEST for nyeferja. Dato kjem seinare
Søndag 27.oktober
- BASAR kl 14:00, flotte gevinstar, nydelig kaffimat og godt selskap
November:
Søndag 17. november
- SØNDAGSMIDDAG kl 14:00
Desember:
Laurdag 7. desember
- JULEBORD - Sjå meir her
Velkomen til Barmen i haust!
https://vimeo.com/188706124