5. desember 2023
Det er gode vêrmeldingar, og alt ligg til rette for ei fantastisk påske på øya.  Første påskedag, 9. april klokka 14.00, inviterer bygdelaget til påskekafe i grendahuset. Ferjeruter i påska: Skjærtorsdag, langfredag og påskeaftan er det laurdagsruter. 1. påskedag og 2. påskedag er det søndagsruter. Velkomen til Barmen i påska!
Fredag 17.07. klokka 18:00 kjem ordførar Alfred Bjørlo og varaordførar Siri Sandvik til Barmøy grendahus. Besøket er ein del av rundturen til ordførar og varaordførar i Stad kommune. Dei to er interessert i høyre kva folket på Barmen har av innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel. Alle er velkomne til å kome med spørsmål og...
Søndag 28. november er det endå ein stor kinodag i grendahuset. De kan lese meir om filmane og kjøpe billettar på nettsidene til Bygdekinoen. Velkomen til kino på Barmen frå klokka 14:30! Tidene er tilpassa ferjerutene. Les om då kinosjefen i Stad spanderte popcorn på bygdelaget.  
Heile 80 personar trassa regnet og kom til Barmen på bygdevandring 30.06.2019. Arrangementet var ein del av Stadar i Stad sitt turprogram, og lokal arrangør var Barmøy bygdelag. Då ferja kom over til fastlandet var heile ferjekaia smekkfull av bilar og spente bygdevandrarar. Ferja sende med ein gong melding til grendahuset at her måtte ein berre førebu seg til storinnrykk. Ferja...
Barmøy bygdelag inviterer til feiring av nasjonaldagen i grendahuset 17. mai klokka 12:30. Det blir tog, leikar, stafettar, sekkeløp, fine premiar, kaffi, brus, kaker, is og pølser. Ta gjerne med eit fat med mat til felles matbord. Vi tek ein inngongssum på 150,- då følger det med ein billett med høve til å vinne ein fin gevinst og i...
-Øya Barmen er ei eksotisk perle i Stad kommune, seier den politiske leiinga i Stad kommune. Fredag 17. juli 2020 kom varaordførar Siri Sandvik og ordførar Alfred Bjørlo på besøk til Barmen. Den politiske leiinga er for tida på ein turné i Stad kommune for å få innspel til samfunnsdelen til kommuneplanen. Begge har vore på Barmen tidlegare, men har...
Fredag 26.11. er det tradisjonell julegrankveiking på ferjekaia i Barmen klokka 17:10. Barmøy bygdelag serverer klementinar, peparkaker, kaffi og gløgg. Søndag 28. november (1. søndag i advent) er det kino i grendahuset.  Ferje til Barmen frå fastlandet: klokka 13:30, 16:30 Ferje frå Barmen til fastlandet: klokka 16:10, 17:10 og 18:45 Sjå fullstendig oversikt over ferjerutene her. Velkomen til Barmen!
Barmøy bygdelag inviterer til kulturkveld i Grendahuset laurdag 14. september kl. 18:00. Vi serverar hjortegryte med tilbehør og dessert til kr. 150,- Det blir blant anna utstilling av gamle handarbeid. Håpar mange tek turen til ein hyggeleg kveld med mimring og historiar frå ei svunnen tid. Påmelding til Audny på telefon 93052923 innan 7. september.
Selje pensjonistlag kjem til Barmen 28. juni, og vil gjerne ha med seg øyfolket på fest i grendehuset. Selje pensjonistlag kjem til Barmen med ferja klokka 14.40 onsdag 28. juni. Arrangementet blir i Barmøy grendehus, der det blir mat og musikk. Pensjonistlaget legg også til rette for dans i grendehuset denne sommardagen. - Dei som vil bli med frå Barmen er hjarteleg...
Klokka 06:45 spelte Kariann Myklebust Fagerli opp til trekkspelkonsert på ferja. Seinare på dag vart også Alfred Myklebust (song) og Ottar Nygård (trekkspel) med i samspelet. Konsertane på M/F Barmen er ein del av festivalen Spel norsk i Stad. Den første konserten vart gjennomført på ferjeavgangen frå Barmen klokka 06:45. Sjølv om det var tidleg var det relativt godt oppmøte. Som...
0TilhengararLik