2. desember 2021

17. mai 2018

Barmøy bygdelag inviterer til feiring av nasjonaldagen i grendahuset klokka 1400. Det blir leikar, stafettar, sal av is og pølser. Bygdelaget ber om at ein tek med mat til felles matbord. Kaffi og brus vert å få kjøpt. Velkomen til feiring på Barmen. 17. mai går ferja etter søndagsruter. Her kan du mimre tilbake til feiringa 2013: https://www.youtube.com/watch?v=U04F71gKvZI  
Fredag 17.07. klokka 18:00 kjem ordførar Alfred Bjørlo og varaordførar Siri Sandvik til Barmøy grendahus. Besøket er ein del av rundturen til ordførar og varaordførar i Stad kommune. Dei to er interessert i høyre kva folket på Barmen har av innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel. Alle er velkomne til å kome med spørsmål og...
Søndag 28. november er det endå ein stor kinodag i grendahuset. De kan lese meir om filmane og kjøpe billettar på nettsidene til Bygdekinoen. Velkomen til kino på Barmen frå klokka 14:30! Tidene er tilpassa ferjerutene. Les om då kinosjefen i Stad spanderte popcorn på bygdelaget.  
Frost2 klokka 14:15. Tunnelen klokka 17:00. I Grendahuset. Kinotidene er tilpassa ferjerutene. Ferje frå Barmsund til Barmen: kl. 13:30 og kl. 16:30 Ferje frå Barmen til Barmsund: kl. 16:10 og når siste filmen er ferdig. Lenkje til bygdekinoen https://www.youtube.com/watch?v=M_QCVWl_mu4 https://www.youtube.com/watch?v=9_s2vAAlrYI
Heile 80 personar trassa regnet og kom til Barmen på bygdevandring 30.06.2019. Arrangementet var ein del av Stadar i Stad sitt turprogram, og lokal arrangør var Barmøy bygdelag. Då ferja kom over til fastlandet var heile ferjekaia smekkfull av bilar og spente bygdevandrarar. Ferja sende med ein gong melding til grendahuset at her måtte ein berre førebu seg til storinnrykk. Ferja...
0TilhengararLik