5. desember 2023
Laurdag 25. november inviterer Barmøy bygdelag til bursdagsfeiring for Barmøy grendehus. Barmøy grendehus vart bygt i 1933, og bygdelaget lagar no til jubileumsfest for 90-åringen. Bursdagsbarnet stiller sjølv med lokale, og bygdelaget fyller festen med innhald. - Det blir middag med dessert og kaker, historieforteljingar og utstillingar med meir, seier leiar i Barmøy bygdelag, Hanne Marie Utvær. Barmøy grendehus er viktig for...
Skogkurs har gjennomført kurs i stell og bruk av motorsag på øya. Sju motiverte kursdeltakarar er no endå betre rusta i kampen mot attgroing. Kurset starta med ein teoridag i grendahuset. Dagen etter fekk kursdeltakarane praktisk øving med motorsaga i ein skogteig på Bakkebøen. Av dei sju som deltok på kurset var det fire med tilknyting til Barmen. Dette var Magny,...
Godt vêr, inneklemt mellom to lågtrykk, la ei flott ramme kring feiringa av 17. mai 2017. Nytt av året var korpsmusikk på høgtalar. Dette fungerte bra, og dei fleste greidde å halde takta. Inne i grendahuset var det dekka eit stort kakebord, som smakte svært godt etter turen bort til Storesvingen. Feiringa heldt fram med leik, quiz, sosialt samvær...
Det kom inn 17.876 kroner på basaren til Barmøy bygdelag 30. oktober. Bygdelaget vil takke for gevinstar og alle som kjøpte lodd, både fysisk og digitalt. Gratulerer til alle vinnarane:
Frost2 klokka 14:15. Tunnelen klokka 17:00. I Grendahuset. Kinotidene er tilpassa ferjerutene. Ferje frå Barmsund til Barmen: kl. 13:30 og kl. 16:30 Ferje frå Barmen til Barmsund: kl. 16:10 og når siste filmen er ferdig. Lenkje til bygdekinoen https://www.youtube.com/watch?v=M_QCVWl_mu4 https://www.youtube.com/watch?v=9_s2vAAlrYI
Over 60 personar tok turen for å feire Barmøy grendehus sitt 90-års jubileum laurdag 25. november 2023.  Sjølv om det var litt færre folk til stades på 90-årsfeiringa enn på opningsfesten den 30. september 1933, då om lag 150 møtte, so var det likevel god stemning i det gamle men godt halde grendehuset som ligg på Fjellet, omtrent midt mellom...
Det vart også 17. mai 2021 gjennomført eit lovleg og passeleg stort tog på Barmen.  Leiar i Barmøy bygdelag, Hanne Marie Utvær,  helste dei som møtte fram ved Grendahuset. - Vi er heldige som bur her vi bur, sa Hanne Marie. På grunn av situasjonen med Covid-19 var det ikkje laga til noko arrangement i grendahuset. Likevel hadde bygdelaget pynta fint...

Hjelpa er nær

12. april 2018 arrangerte Barmøy grunneigarlag førstehjelpskurs og kurs i bruk av hjartestartar. Kurshaldarar var Marie Vikene Berge og Janne Lunde i Ambulansetenesta i Selje. Her kan de lese om då Barmøyferja spelte hovudrolla i ei storøving for politi, ambulanse og brann. Lenkje til video som viser korleis ein brukar hjartestartar.  
Barmøy bygdelag inviterer til tradisjonell juletrefest i Barmøy grendehus tysdag 27. desember klokka 17.00. Det vert både julesong og gang rundt juletreet. Det går rykte om at julenissen også tek turen. Klokka 20.30 går juletrefesten over juletrefotfest.
Det er årsmøte i Barmøy Grunneigarlag søndag 16. februar klokka 14:00. Møtet vert halde i Barmøy grendahus.
0TilhengararLik