20. september 2023
BarmÞy bygdelag vil takke alle som stÞtta opp om basaren i grendahuset laurdag 06.11.21 -Vi ynskjer Ä takke alle som sponsa oss og som gav oss gevinstar og alle som stÞtta oss med Ä ta lodd og kome pÄ basaren, seier leiar BarmÞy bygdelag, Hanne Marie UtvÊr. Dei 17.800 kronene kjem godt med til drifta av BarmÞy grendahus.
BarmÞy bygdelag inviterer til basar og kveldssamling i grendahuset laurdag 6. november frÄ kl. 17. I Är inviterer BarmÞy bygdelag til bÄde fysisk og digital basar, med hÞve til Ä ta lodd frÄ sÞndag 31.10. til laurdag 6. november, kl. 17. Du kan ta lodd ved Ä sende ein sms til leiar i bygdelaget pÄ tlf 911 02 779, der...
Storfilmane Dune og James Bond kjem til BarmĂžy grendahus laurdag 16. oktober Det blir nesten seks timar film i grendahuset denne laurdagen. Det ryktast at det kan bli heilt ekte kino-popcorn i grendahuset. Velkomen til filmdag pĂ„ Barmen! Les meir pĂ„ sidene til Bygdekinoen.  
Det vart ogsÄ 17. mai 2021 gjennomfÞrt eit lovleg og passeleg stort tog pÄ Barmen.  Leiar i BarmÞy bygdelag, Hanne Marie UtvÊr,  helste dei som mÞtte fram ved Grendahuset. - Vi er heldige som bur her vi bur, sa Hanne Marie. PÄ grunn av situasjonen med Covid-19 var det ikkje laga til noko arrangement i grendahuset. Likevel hadde bygdelaget pynta fint...
Skogkurs har gjennomfÞrt kurs i stell og bruk av motorsag pÄ Þya. Sju motiverte kursdeltakarar er no endÄ betre rusta i kampen mot attgroing. Kurset starta med ein teoridag i grendahuset. Dagen etter fekk kursdeltakarane praktisk Þving med motorsaga i ein skogteig pÄ BakkebÞen. Av dei sju som deltok pÄ kurset var det fire med tilknyting til Barmen. Dette var Magny,...
Fredag 27.11. var det julegrankveikjing pÄ ferjekaia. For fÞrste gong utan ferjeprodusert glÞgg. Det vart ei svÊrt hyggeleg stund pÄ ferjekaia med bÄde peparkaker, klementinar, kaffi og glÞgg. Alle tidlegare Är har glÞggen blitt produsert pÄ ferja pÄ rutefart mellom Barmsund og Barmen, men no er det nye tider med med ny ferje utan bysse. Difor vart det ikkje Linie-glÞgg som...
Styret i BarmÞy bygdelag hadde 15.11.2020 trekning av den digitale basaren. Vi gratulerer vinnarane og takkar alle som har tatt lodd og sponsa gevinstar. BOK 1 StÞveltÞrkar: nr 137, Astrid Barmen Vifteomn: nr 164, SigbjÞrn RÞyset Lyslykt: nr 52, Sigurd Nesse Fiskestang: nr 120, Tor Evjen BOK 2 2 ulltrÞyer: 211, Gudfinna SolvÄg Steikepanne: 315, Kariann Fagerli 2 handdukar: 231, FrÞydis Vagstad Drill: 238, Norunn SolvÄg BOK 3 2 puter: nr...
BarmÞy bygdelag arrangerar digital basar i Är sidan vi ikkje kan ha vÄr tradisjonelle basar i grendahuset. Vi sel lodd frÄ no og til og med 14. november. Trekninga skjer 15. november og vinnarane vert annonsert pÄ nettsida vÄr og pÄ facebooksida vÄr. Du kan ta lodd ved Ä sende ein sms til leiar i bygdelaget pÄ tlf 911 02...
Klokka 06:45 spelte Kariann Myklebust Fagerli opp til trekkspelkonsert pÄ ferja. Seinare pÄ dag vart ogsÄ Alfred Myklebust (song) og Ottar NygÄrd (trekkspel) med i samspelet. Konsertane pÄ M/F Barmen er ein del av festivalen Spel norsk i Stad. Den fÞrste konserten vart gjennomfÞrt pÄ ferjeavgangen frÄ Barmen klokka 06:45. SjÞlv om det var tidleg var det relativt godt oppmÞte. Som...
-Øya Barmen er ei eksotisk perle i Stad kommune, seier den politiske leiinga i Stad kommune. Fredag 17. juli 2020 kom varaordfÞrar Siri Sandvik og ordfÞrar Alfred BjÞrlo pÄ besÞk til Barmen. Den politiske leiinga er for tida pÄ ein turné i Stad kommune for Ä fÄ innspel til samfunnsdelen til kommuneplanen. Begge har vore pÄ Barmen tidlegare, men har...
0TilhengararLik