Barmøy bygdelag inviterer til feiring av nasjonaldagen i grendahuset 17. mai klokka 12:30.
Det blir tog, leikar, stafettar, sekkeløp, fine premiar, kaffi, brus, kaker, is og pølser. Ta gjerne med eit fat med mat til felles matbord. Vi tek ein inngongssum på 150,- då følger det med ein billett med høve til å vinne ein fin gevinst og i...
Søndag 28. november er det endå ein stor kinodag i grendahuset.
De kan lese meir om filmane og kjøpe billettar på nettsidene til Bygdekinoen.
Velkomen til kino på Barmen frå klokka 14:30! Tidene er tilpassa ferjerutene.
Les om då kinosjefen i Stad spanderte popcorn på bygdelaget.
Søndag 27. oktober kl. 14 inviterer Barmøy bygdelag til den årlege basaren i grendahuset.
Vi kan love fine gevinstar, kaffi, nydelig kaffimat og godt selskap.
Gevinstar vert tekne i mot med takksemd. Ta gjerne med eit fat med mat.
Velkomen til basar!
Her kan du sjå meir av det som skjer på Barmen i haust.
-Øya Barmen er ei eksotisk perle i Stad kommune, seier den politiske leiinga i Stad kommune.
Fredag 17. juli 2020 kom varaordførar Siri Sandvik og ordførar Alfred Bjørlo på besøk til Barmen. Den politiske leiinga er for tida på ein turné i Stad kommune for å få innspel til samfunnsdelen til kommuneplanen. Begge har vore på Barmen tidlegare, men har...
Barmøy bygdelag inviterer til feiring av nasjonaldagen i grendahuset klokka 1400.
Det blir leikar, stafettar, sal av is og pølser.
Bygdelaget ber om at ein tek med mat til felles matbord. Kaffi og brus vert å få kjøpt.
Velkomen til feiring på Barmen.
17. mai går ferja etter søndagsruter.
Her kan du mimre tilbake til feiringa 2013:
https://www.youtube.com/watch?v=U04F71gKvZI
Det er gode vêrmeldingar, og alt ligg til rette for ei fantastisk påske på øya.
Første påskedag, 9. april klokka 14.00, inviterer bygdelaget til påskekafe i grendahuset.
Ferjeruter i påska: Skjærtorsdag, langfredag og påskeaftan er det laurdagsruter. 1. påskedag og 2. påskedag er det søndagsruter.
Velkomen til Barmen i påska!
Det blir kino i Barmøy grendahus laurdag 1. oktober.
Klokka 14:15: Olsenbanden - siste skrik. (Ferje frå Barmsund 13:30, retur 16:10)
KLokka 17:00 Krigsseileren. (Ferje frå Barmsund 16:30, retur 20:40)
Det blir kiosk før begge filmane. Velkomen til kino i Barmøy grendahus!
Programmet passar med ferjerutene.
Les meir om filmane her.
Skogkurs har gjennomført kurs i stell og bruk av motorsag på øya. Sju motiverte kursdeltakarar er no endå betre rusta i kampen mot attgroing.
Kurset starta med ein teoridag i grendahuset. Dagen etter fekk kursdeltakarane praktisk øving med motorsaga i ein skogteig på Bakkebøen.
Av dei sju som deltok på kurset var det fire med tilknyting til Barmen. Dette var Magny,...
Barmøy bygdelag inviterer til den årlege basaren i grendahuset søndag 30.10. klokka 14.
I år inviterer Barmøy bygdelag til både fysisk og digital basar, med høve til å ta lodd frå fredag 14.10 og til søndag 30.10. kl 12. Dei som kjem på basaren kan likevel kjøpe fleire lodd der.
Du kan ta lodd ved å sende ein sms til...
Det vart også 17. mai 2021 gjennomført eit lovleg og passeleg stort tog på Barmen.
Leiar i Barmøy bygdelag, Hanne Marie Utvær, helste dei som møtte fram ved Grendahuset. - Vi er heldige som bur her vi bur, sa Hanne Marie.
På grunn av situasjonen med Covid-19 var det ikkje laga til noko arrangement i grendahuset. Likevel hadde bygdelaget pynta fint...