24. mars 2023
Det kom inn 17.876 kroner på basaren til Barmøy bygdelag 30. oktober. Bygdelaget vil takke for gevinstar og alle som kjøpte lodd, både fysisk og digitalt. Gratulerer til alle vinnarane:
Barmøy bygdelag inviterer til den årlege basaren i grendahuset søndag 30.10. klokka 14. I år inviterer Barmøy bygdelag til både fysisk og digital basar, med høve til å ta lodd frå fredag 14.10 og til søndag 30.10. kl 12. Dei som kjem på basaren kan likevel kjøpe fleire lodd der. Du kan ta lodd ved å sende ein sms til...
Det blir kino i Barmøy grendahus laurdag 1. oktober. Klokka 14:15: Olsenbanden - siste skrik. (Ferje frå Barmsund 13:30, retur 16:10) KLokka 17:00 Krigsseileren. (Ferje frå Barmsund 16:30, retur 20:40) Det blir kiosk før begge filmane. Velkomen til kino i Barmøy grendahus! Programmet passar med ferjerutene. Les meir om filmane her.    
Endeleg skikkeleg 17. mai feiring att! Barmøy bygdelag inviterer til feiring av nasjonaldagen i grendahuset klokka 1400. Det blir leikar, stafettar, fine premiar, kaffi, brus, kaker, is og pølser. Ta gjerne med eit fat med mat til felles matbord. I år har tek vi ein inngongssum på 200,- som inkluderar alt du vil ete og drikke, 3 runder pilkast, 3 runder...
Det skjer mykje spennande på Barmen i påska. Skjærtorsdag kl. 20:00 inviterer vi ein hyggjeleg kveld i grendahuset. Det blir lett underhaldning med spørjeleik og anna moro og kanskje nokre artige premier. Ta med det du ynskjer av mat og drikke, vi stiller med poteter, loff og smør. Søndag 1. påskedag inviterer bygdelaget til stirydding og merketur frå kl. 12 om...
Fredag 26.11. er det tradisjonell julegrankveiking på ferjekaia i Barmen klokka 17:10. Barmøy bygdelag serverer klementinar, peparkaker, kaffi og gløgg. Søndag 28. november (1. søndag i advent) er det kino i grendahuset.  Ferje til Barmen frå fastlandet: klokka 13:30, 16:30 Ferje frå Barmen til fastlandet: klokka 16:10, 17:10 og 18:45 Sjå fullstendig oversikt over ferjerutene her. Velkomen til Barmen!
Søndag 28. november er det endå ein stor kinodag i grendahuset. De kan lese meir om filmane og kjøpe billettar på nettsidene til Bygdekinoen. Velkomen til kino på Barmen frå klokka 14:30! Tidene er tilpassa ferjerutene. Les om då kinosjefen i Stad spanderte popcorn på bygdelaget.  
Barmøy bygdelag vil takke alle som støtta opp om basaren i grendahuset laurdag 06.11.21 -Vi ynskjer å takke alle som sponsa oss og som gav oss gevinstar og alle som støtta oss med å ta lodd og kome på basaren, seier leiar Barmøy bygdelag, Hanne Marie Utvær. Dei 17.800 kronene kjem godt med til drifta av Barmøy grendahus.
Barmøy bygdelag inviterer til basar og kveldssamling i grendahuset laurdag 6. november frå kl. 17. I år inviterer Barmøy bygdelag til både fysisk og digital basar, med høve til å ta lodd frå søndag 31.10. til laurdag 6. november, kl. 17. Du kan ta lodd ved å sende ein sms til leiar i bygdelaget på tlf 911 02 779, der...
Storfilmane Dune og James Bond kjem til Barmøy grendahus laurdag 16. oktober Det blir nesten seks timar film i grendahuset denne laurdagen. Det ryktast at det kan bli heilt ekte kino-popcorn i grendahuset. Velkomen til filmdag på Barmen! Les meir på sidene til Bygdekinoen.  
0TilhengararLik