Barmøy bygdelag arrangerar digital basar i år sidan vi ikkje kan ha vår tradisjonelle basar i grendahuset.
Vi sel lodd frå no og til og med 14. november. Trekninga skjer 15. november og vinnarane vert annonsert på nettsida vår og på facebooksida vår.
Du kan ta lodd ved å sende ein sms til leiar i bygdelaget på tlf 911 02 779, der du skriv kva bok du vil ta lodd på, kor mange lodd du vil ha pr bok og korleis du vil betale.
Dersom du betalar med vips må du sende med kvittering på at du har vippsa Barmøy bygdelag. Søk opp Barmøy bygdelag på Vipps for å vippse. Dersom du vil betale med kontantar seier du i frå på sms så avtalar vi betaling. Det kostar kr 10,- pr lodd. Her er det du kan ta lodd på:
Bok nr. 1: – Fiskestang sponsa av Kaibutikken i Måløy – Lyslykt sponsa av Fagmøbler i Måløy – Støvelbørste – Vifteovn

Bok nr. 2: – Janus-sett ulltrøyer til dame og herre – Drill – sponsa av Byggern i Selje – Sett med to frottèhanddukar – Steikepanne – sponsa av Coop prix i Selje

Bok nr. 3: – Knivsett sponsa av Brunsvik Jernia i Måløy – Høie puter – Pledd – Handlenett med kolonialvarer sponsa av Joker Flatraket

Bok nr. 4: – Fire hårprodukt frå Biolage sponsa av Fix Frisørsalong i Måløy – Reisesett med drikkeflaske frå Hadeland sponsa av Bennet Reisebyrå i Måløy – Bag på 60 liter sponsa av Jobbpartner i Måløy

Bok nr. 5: – Saueskinn – Kubbspel – Gåvekort på 200,- sponsa av Sports Måløy

Vi håpar på god oppslutnad til basaren vår og takkar på førehand for støtta og sender ein stor takk til alle lokale forretningar som har sponsa oss med fine gevinstar:)
Del gjerne basaren med folk du kjenner!
Tusen takk!
(Har du spørsmål til denne basaren ta kontakt med leiar i Barmøy bygdelag Hanne Marie Utvær, 911 02 779)