Laurdag 25.05. er det klart for den store ferjefesten. Arrangør er Barmøy bygdelag i samarbeid med Barmøyferja AS. Arrangøren informerer:

For dei som kjem frå fastlandet: Ferja går til vanlig tid klokka16:30. Om de ikkje ynskjer å fylgje ferja tilbake til Barmen legg den til i Barmsund igjen etter ferjecruise, ca klokka 23:00.

I Barmen er de hjarteleg velkomne ombord frå ferja er tilbake, ca 16:45. Ferja ligg her fram til 20:30 – 21.00. Dermed kan fjøsstell gå som vanleg, før resten av kvelden tek fatt?

Det vil bli servert deilig mat frå Tove og Tor Ivar, gje gjerne ein lyd til Frøydis ( tlf; 98446705) dersom du har nokon allergiar. Ta med den drikka de sjølv ynskjer for kvelden.

Utpå kvelden blir det kake og kaffi. Her blir det god tid til å mimre over ein kaffikoppe. Har du ei god historie eller eit spesielt ferjeminne håpar vi du vil dele det med oss alle på laurdag. ?

Frå klokka 21:00 satser vi på ferjecruise, musikk og forhåpentligvis litt dans og allsang. Kle deg etter været, me tek sikte på å være ute på dekk.

Det kostar 200kr per pers å være med. Desse kan du betale via VIPPS (Nr: 128936) eller kontant på laurdag. Husk å merke betalinga med ferjefest og namn dersom de betaler via Vipps.

Har du spørsmål, nøl ikkje med å ta kontakt med nemda på facebook eller på tlf 98446705.
Då gjenstår det berre å sei velkomne til ferjefest, me gleda ogss til å sjå deg der!?

PS: Det er framleis ein ledig plass. Hiv deg rundt, førstemann til mølla?