Barmøy bygdelag inviterer til basar og kveldssamling i grendahuset laurdag 6. november frå kl. 17.

I år inviterer Barmøy bygdelag til både fysisk og digital basar, med høve til å ta lodd frå søndag 31.10. til laurdag 6. november, kl. 17.

Du kan ta lodd ved å sende ein sms til leiar i bygdelaget på tlf 911 02 779, der du skriv kor mange lodd du vil ha og korleis du vil betale. Dersom du betalar med vips må du sende med kvittering på at du har vippsa Barmøy bygdelag. Søk opp Barmøy bygdelag på Vipps for å vippse.

Dersom du vil betale med kontantar seier du i frå på sms så avtalar vi betaling. Det kostar kr 10,- pr lodd.

tillegg til mange fine gevinstar frå bygdefolk, har vi vore så heldige å få sponsa flotte gevinstar frå næringslivet i regionen vår, og fleire gevinstar kjem:
Coop prix i Selje
Kiwi i Deknepollen
Frisørhuset Vi2 i Selje
Bennet reisebyrå i Måløy
Fagmøbler Måløy
Fix Frisørsenter i Måløy
Kaibutikken i Måløy
Sports Måløy
Jobbpartner i Måløy
Europris Måløy

Vinnarane vert annonsert på Barmen.no vår og på facebooksida vår. Vi gler oss til fyrste innandørs arrangemenet sidan januar 2020, der folk kan samlast til basar, god mat og triveleg prat utover laurdagskvelden.