-√ėya Barmen er ei eksotisk perle i Stad kommune, seier den politiske leiinga i Stad kommune.

Fredag 17. juli 2020 kom varaordf√łrar Siri Sandvik og ordf√łrar Alfred Bj√łrlo p√• bes√łk til Barmen. Den politiske leiinga er for tida p√• ein turn√© i Stad kommune for √• f√• innspel til samfunnsdelen til kommuneplanen. Begge har vore p√• Barmen tidlegare, men har ikkje sett heile √łya. Difor gav Barm√ły bygdelag dei to ein guida rundtur p√• √łya f√łr det offisielle m√łtet i grendahuset.

– Spennande kulturminne

Alfred Bj√łrlo skriv p√• si Facebookside:

«√ėya Barmen er ei eksotisk perle i Stad kommune. Du m√• ta ei flunkande ny elektrisk ferje for √• kome over ‚Äď d√• openberer det seg ei sv√¶r √ły med varierte bygder, flotte friluftsomr√•de og spennande kulturminne ‚Äď mellom anna den einaste bevarte runesteinen i Stad kommune.»

Runesteinen i R√łysetstranda var ein naturleg stopp p√• den guida rundturen. Runesteinen er tidfesta til √•r 400, og det er fleire tolkingar av det som st√•r p√• steinen. De kan lese meir om runesteinen her.

Stad kommune har ein eigen uniformert bil til rundreisa rundt om i kommunen. (Foto: Håvar Fagerli)

Ordf√łraren og varaordf√łraren fekk bes√łkje alle dei fire bygdene p√• den nesten ni kvadratkilometer store √łya, R√łyset, Barmen, Fjellet og Vikja. Her kan de sj√• dronefilm fr√• kvar av dei fire bygdene.

Ein rekk ikkje å sjå alt på ei kort omvisning. Blant anna fekk ein ikkje sett Solstien РTursti med både kunst og utsyn.

РStåpåvilje og framtidstru

Etter √• ha sett seg rundt p√• Barmen var det invitert til bygdem√łte i grendahuset. Tema for m√łtet var samfunnsdelen til kommuneplanen til Stad kommune. Her kom det fram fleire innspel som ordf√łraren og varaordf√łraren ville ta med seg vidare.

– Av ca 30 faste innbyggjarar kom over 20 p√• bygdem√łte for √• snakke med oss p√• grendahuset ein fredagskveld kl 18 ‚Äď breiddfulle av st√•p√•vilje, framtidstru og verkeleg skarpe og gode innspel til korleis vi kan byggje ei end√• betre kommune, seier Alfred Bj√łrlo.

Det vart eit godt m√łte i grendahuset denne fredagskvelden. (Foto: H√•var Fagerli)

Under m√łtet var ein innom fleire tema. Blant anna turisme, n√¶ringsutvikling, rekruttering, kollektivtransport, arbeidsplassar, forvaltning av kommunale bygg og eigedommar, fritidstilbod og Barmen som friluftsomr√•de og vertskap for bes√łkjande.

Applaus for initiativet

Deltakarane p√• bygdem√łtet kom ogs√• med godord til Alfred Bj√łrlo og Siri Sandvik som reiste rundt og bes√łkte kvar grend i den langstrakte kommunen.

Folket p√• Barmen takka for m√łtet og bes√łket, og gav Siri Sandvik og Alfred Bj√łrlo ein god applaus for initiativet til bes√łket og interessen dei viser for Barmen.

Kommuneplan

Alle kan kome med innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel. De kan lese meir om dette på Stad kommune sine nettsider.