Ein kan no få kjøpt hyttetomt med naust og båtplass ved ferjekaia i Barmen. Nerlid hyttegrend består av totalt elleve tomter.

Det er Terje Vartdal og Frode Eide som står bak prosjektet, og gler seg over at ein no kan setje planane ut i livet. Om alt går etter planen, og interessa er til stades blant kjøparane, seier dei til Fjordens Tidende at det blir byggjestart hausten 2018.

Hytte med både naust og båtplass

Nausta blir om lag 50 kvadratmeter store, i tillegg til loft. Nausta blir lagt på oversida av den kommunale vegen, og nedanfor vegen blir det lagt ut båtplassar i tilknyting til ein ny molo ved ferjekaia. Det blir lagt til rette med ein eigen båtslipp slik at ein ved hjelp av båthengar kan flytte båtane mellom båtplass og naust.

Oppgradering av straumnettet

Barmen er tilknytt straumnettet med ein sjøkabel til fastlandet. No skjer det mykje på Barmen, der både oppgradering av feriekai, oppbygging av ladestasjon til elektrisk ferje, i tillegg til utbygging av Nerlid hyttefelt. Dette gjer at straumforbruket vil auke, og at sjøkabelen ikkje lenge har god nok kapasitet.

Vartdal og Eide seier til Fjordenes Tidende at dei er i dialog med SFE for å dele trafostasjon med Statens vegvesen på ferjekaia i Barmen.

– Det er avgjerande at det kjem på plass, ikkje berre for oss, men for alle som ynskjer å flytte hit og bygge hus, seier Terje Vartdal.

Rorbu

I tillegg til hyttegrend planlegg dei også å byggje ei rorbu med husvære for utleige.

– Vi planlegg eit fleirbrukshus, der vi ser føre oss å ha kafè eller liknande og tre-fire utleigeleilegheiter i andre. Så om folk i hyttene får besøk har gjestene moglegheit til å leige der, seier Terje Vartdal til Fjordens Tidende.

Her kan de lese meir om prosjektet.