17. mai 2018 vart markert i grendahuset med godt besøk, god mat, god stemning og særdeles god innsats under tevlingane.

Fint utevêr. (Foto: Håvar Fagerli)
Allsong. (Foto: Håvar Fagerli)
Toget gjekk i år på nyrenovert og flott veg til grendahuset. (Foto: Håvar Fagerli)
Korpset var i form av mobiltelefon og høgtalar. (Foto: Håvar Fagerli)
Blå himmel, litt vind, men fine temperaturar. (Foto: Håvar Fagerli)
Nemnda gjer klar til mat. (Foto: Håvar Fagerli)
Eit rikhaldig matbord, takka vere alle som tok med mat. (Foto: Håvar Fagerli)
Det var mange piler i lufta denne dagen. (Foto: Håvar Fagerli)
Fleire gode resultat på skytebana. (Foto: Håvar Fagerli)
Leiar i bygdelaget, Kariann Myklebust Fagerli, heldt tale for dagen. (Foto: Håvar Fagerli)
– Er det ein niar eller tiar? (Foto: Håvar Fagerli)
Ein kunne sjå mange snodige teknikkar denne dagen. (Foto: Kristanne Myklebust Fagerli)

 

Høgt tevlingsinstinkt sikra gode inntekter for bygdelaget. (Foto: Håvar Fagerli)
Hesteskokasting. (Foto: Håvar Fagerli)
Boksane fekk hard medfart. (Foto: Håvar Fagerli)
Skytetevlinga varte og rakk før det vart kåra ein vinnar. (Foto: Kristanne Myklebust Fagerli)
Fint pynta. (Foto: Håvar Fagerli)
Dette får nok fram heimlengten til dei som ikkje var på Barmen i dag. (Foto: Håvar Fagerli)