8. mai klokka 05:00 var det hjorteteljing på Barmen. Fem observatørar gjekk då ut samstundes, og til saman såg dei 112 hjort.

Kvart år blir det gjennomført teljing av hjort på Barmen. Eit teljekorps har fordelt seg på fem ulike geografiske område, og køyrer ut til nøyaktig same tid. Klokka 05:00. Med kikkert, fotoapparat med telelinse og notatblokk blir kvar einaste hjort som ein kan sjå frå bilvegen dokumentert. I år vart det observert 112 dyr. Under kan ein sjå ei oversikt over observasjonane. (Ukjent=Uvisst om det er yngre/eldre hodyr/hanndyr).

Resultat av hjorteteljinga 8. mai.

Dei 112 dyra er altså berre dei dyra som er observert på eit avgrensa område av øya. Det reelle talet er difor truleg ein god del høgare. Det er også denne våren meldt om mykje skade på hagar og beitemark som skuldast hjort.

Ein av flokkane som vart observert på Fjellet, 8 mai klokka 05:00. (Foto: Håvar Fagerli)