17. mai 2021. (Foto: Håvar Fagerli)

Barmøy bygdelag inviterer til feiring av nasjonaldagen i grendahuset 17. mai klokka 12:30.

Det blir tog, leikar, stafettar, sekkeløp, fine premiar, kaffi, brus, kaker, is og pølser. Ta gjerne med eit fat med mat til felles matbord. Vi tek ein inngongssum på 150,- då følger det med ein billett med høve til å vinne ein fin gevinst og i tillegg dekkjer summen alt de vil ete og drikke, tre runder pilkast, tre runder hesteskokast og tre runder skyting og andre leikar.

For 150,- ekstra får ein tre runder ekstra på hesteskokast, pilkast og skyting. Born i småskulealder går gratis.

Velkomen til årets 17.mai feiring på Barmen!

Helsing nemda

Frå feiringa eit anna år. (Foto: Håvar Fagerli)