|
Endeleg er det igjen mogleg å skrive namnet sitt i ei bok på
Skjolden. Takk til to ivrige turgåarar i turlaget.
Det spreke paret utfordrar no andre turgåarar til å ta seg
turar opp på det høgste punktet på øya.
Det vert gjort stas på den personen som er flest gongar på
Skjolden fram til hausten 2009. Kva dette inneber vill ikkje turlaget ut med.
Bøkene låg tidlegare i eit sylteglas, men dette vart øydelagt av vêr og vind. No er boka trygt plassert i ei solid kasse med steinar over for å halde ho på plass. Kassa er lett å finne. Til og med hunden Bella fann fram til kassa.
God tur!
|