|
Det skal mykje til for å stoppe damene på Barmen. Kvar onsdag parkerer dei mann og barn heime, og hastar av garde til skuleplassen.
Då snøen hadde lagt eit kvitt teppe over øya ein av dei siste onsdagane i mars, vart det tromma saman til skikkeleg rugbykamp. Sjølv med harde taklingar og stor innsats, vert det ikkje meldt om skader av noko slag.
Trimgruppa starta opp tidlegare i vinter, og består av 14 spreke damer mellom 30 og 63 år.
|