DAMETRIM (MED "ADGANG" FOR MANNFOLK) KVAR ONSDAG

barmen.no: Håvar Fagerli     

Det er no endeleg klart for ny trimsesong på Barmen. Fellestrimmen har no hatt ei lita pause sidan 1992, og ei barmataus ville no ha fleire å trimme saman med.

Initiativtakaren seier til barmen.no at det vert dametrim, men mannfolk får lov til å kome inn.

Det er dette som uroar hjartestartargruppa som har auka beredskapen medan trimmarane herjar frå klokka 20.

Initiativtakaren til trimmen seier at det vert eit  variert og lett program, som passar både kvinner og menn.

- Det viktigaste er at vi samlast og har det kjekt, seier ei av kvinnene.

Dei som vil vere med må møte opp i skulehuskjellaren onsdag klokka 20. Det vert sagt at dei skal halde på utover kvelden heilt til dei stuper. Dette er òg noko som hjartestartargruppa er sterkt kristisk til.

 

Dei som vil vere med kan ta kontakt på denne e-posten.

 

 

     

Tilbake