på Røyset fredag 07.05.04 då ”Bevare meg vel” kalla inn til ei markering av Ekrenaustet. I lengre tid har bygdelaget si museumsgruppe med det velklingande namnet arbeidd med å restaurere Ekrenaustet på Røyset. Naustet er no ferdig utvendig og det var på tide med ei markering. Sola og om lag 50 suppesvoltne møtte opp.
barmen.no: Håvar Fagerli
Bevare meg vel” har til no også bygd opp museet i grendahuset og fleire album med eldre bilete. Planen til museumsgruppa er at naustet på Røyset skal bli eit levande museum med  reidskapar, bilete og andre gjenstandar frå tida lenge før påhengsmotoren. Allereie no har gruppa samla inn fleire gjenstanadar og restaurert bilete som skal stillast ut i Ekrenaustet. 

På vegne av ”Bevare meg vel” ønkste Astrid og Audny alle velkomne til supperådet.

- Naustet er ikkje heilt ferdig innvendig, men etter godt snikkararbeid av Torbjørn og Andreas og ein del dugnadsinnsats er naustet no heilt rekonstruert utvendig. Tilbakemeldinga frå Knut Åland var at dette var svært godt utført arbeid.

Historia til naustet går truleg attende til 1881 då Hans Pedersen frå Moldefjorden bygde Ekrebruket og då også naustet. Dette var truleg det første naustet i naustrekkja på Røyset. Naustet har tilhøyrt Ekrebruket fram til i dag. No har altså bygdelaget fått nytte naustet av noverande eigar, Lars B.
Arrangørane hadde vaska fint utanfor naustet og henta bord og benkar frå både grendahuset og ferjekaia. Så no tok supperådet til for fullt. Folket snakka og åt, lo og kosa seg i den flotte kveldssola på Røyset. Her var alle generasjonar representert. Mange gode historier gjekk over borda. Ein av dei som opna latterdøra svært så høgt var om  væren Ulla Brekar som går og beitar i Barmen ein plass.

Til dessert vart det servert tørka sild, tørrfisk og lettkokte blåskjell og muslingar.

Då maten hadde falle på plass var det på tide med litt rørsle. Leiken Kaste på stikka engasjerte både gammal og ung på Røysetbøen . Etter litt diskusjon mellom gamle ringrevar innnafor sporten vart alle til slutt samde om reglane, og spelte til sveitten rann. Dei aller minste leikte seg i fjøra, og årets første meir eller mindre ufrivillge bad vart gjennomført.

Andre nytta denne herlege vårkvelden til å  snakke saman, litt om i dag og litt om før i tida. Å sjå eit slikt gammalt naust i ny drakt gjer at historia vart litt nærare og minna kjem raskare fram. Det vart fortalt mykje spanande som etter kvart alle kan oppleve når museet opnar.

 

Tusen takk til Lars for veldig god suppe. Tusen takk til ”Bevare meg vel” for alt arbeidet dei har lagt ned til no. Og ikkje minst tusen takk til alle som var med på å gjere supperådet ved Ekrenaustet til ei flott og minnerik oppleving.

07.05.2004

tilbake