Kinosjefen i Stad kommune, Janne Mari Hjelle, stilte med popcorn-maskin og serverte ekte kino-popcorn til publikum i grendahuset.
Bygdekinoen inviterte til heile seks timar med kinofilm laurdag 16.10.2021. Då hadde det ikkje vore bygdekino i grendahuset sidan januar 2020.
Folket på Barmen, ja til og med fleire på fastlandet, set stor pris på at Roar Bakke i Bygdekinoen kjem og gjer Barmøy grendahus om til kino. Då han denne laurdagen også fekk hjelp av Janne Mari Hjelle i Stad kino, vart det ein fantastisk kinodag i Barmøy grendahus.
Stad kino sponsa Barmøy bygdelag med varm og nydeleg popcorn. Ikkje berre smaken var nydeleg. Ei herleg lukt av rykande fersk popcorn fylte grendahuset. Det var god kinostemning i grendahuset. Bygdelaget hadde sett fram både sofa og godstolar. Alt låg til rette for den komplette kinokjensla denne ettermiddagen.
Og om ikkje det var nok. Bygdelaget spanderte alkoholfri «champagne» til James Bond. Og 33 minutt ut i storfilmen Dune kunne vi sjå Barmen på lerretet, der øya spelte ei rolle som landskap i bakgunnen. Det vart ein stor filmdag på Barmen.






