|
Det vart ein god dag for vår lokale fiskehelt då han kom opp i eit fantastisk sildeeventyr. Truverdige kjelder fortel at det må vere snakk om tusenvis av sild fordelt på to garn, som vart sette utanfor kyrkja i Selje.
Han var åleine om å trekkje opp garna i båten, som vart heilt full av sild. Vel heime i småbåthamna fekk han hjelp av gode naboar med å få fisken på land. Svein måtte setje av dei tre påfølgjande dagane til å løyse silda frå garna.
Det er allment kjent at Svein er ein omtenksam og snill kar, det har difor blitt servert mange herlege sildemåltid rundt om på øya den siste tida.
|