|
Søndag 13. november var det igjen klart for
salsmesse i grendahuset på Barmen. Blant utstillingane var det såper, porselen,
keramikk, lappeteknikk, decoupage, flatbrød,lefser,rakfisk, puter, nissar,
julepynt, kle, suppe og mykje anna.
Dei menneska som hadde sett kursen
for Barmen denne søndagen fekk oppleve litt av kreativiteten som finnast på
øya. Arrangørene hadde håpa på fleire frammøtte, men dei som var der var veldig
nøgd og kosa seg med kaffi, kaker og suppe frå kiosken.
|

|
 |
Det var og tid til underholdning
midt opp i salet. Dei nye barmarane, Gabriela og Gerard, spelte og song, saman
med musikalske krefter frå Stadtlandet. Eit triveleg innslag. Gabriela har komponert ein song om og til Barmen. Teksten er ikkje heilt ferdig enno, men melodien vart urframført på salsmessa. Nydeleg melodi!
|
|
På biletet til høgre ser vi Elise Solvåg som handlar julekort av Sølvi Grov.
Då messa var over, hadde nokre vorte
kvitt det dei hadde med seg, medan andre ikkje hadde hatt den heilt store
omsetninga. Men, det hadde uansett vore ein triveleg
søndag.
Nedanfor kan ein sjå litt av det store utvalet som var i grendahuset denne novembersøndagen. (Klikk på bileta for å sjå dei i større format.)
|

|