GODT BESØK PÅ SALSMESSA

Rundt 150 menneske besøkte salsmessa på Barmen søndag 16.11.03. Det kom altså veldig mange tilreisande på denne kombinerte sals- og julemessa. Ferjemannskapet hadde også ein relativ travel dag med heile tre ekstraturar frå Barmsund. På desse turane fekk ferja med seg om lag 25 bilar. Det kunne sjå ut som folket var nøgde med både utval av varer og "messestemninga". Tre av arrangørane hadde si fulle hyre med å servere kaffi, kaker, rundstykker, pølser og sveler til alle dei 150 som var på handel på Barmen denne søndagen.

Ein kan i rammene på denne sida sjå eit lite utval av varene ein kunne kjøpe på salsmessa: Heimestrikka genserar, luer, sokkar, vantar og vottar. Tova hattar. Tova luer. Pepparkaker. Julepynt i alle slags former. Heimelaga drops. Smykker med eklogitt frå Barmen. Flatbrød. Julekort. Rakefisk. Egg. Dukar av lappeteknikk. Sitteputer. Måla glasvaser. Puter. Babyposar. Trenissar. Julekaker. Lefser. Såper.  Gelelys. Allslags produkt av lappeteknikk. Og dette var berre eit utval av mangfaldet av varer som desse initiativrike og flinke kvinnene hadde produsert for sal. Dei skal også ha skryt for kor triveleg dei hadde gjort utstillingane sine i grendahuset. Då ein gjekk heim att hadde ein fått den gode stemninga som ein brukar å få rundt 24. desember. Takk til alle som har arbeidd med dette, og lukke til med arbeidet mot messa til  neste år!

Av: Håvar Fagerli. 17.11.03

Tilbake