|

|
|
Påska
er tida for folkevekst. Med det vart det fullt skulehus på den tradisjonelle
påskekafeen i langfredag 2. april 2010. Arrangørane
er godt fornøgde med kafeen som gav skulehuset inntekter på vel 2000 kroner.
|
|

|
|
Kafeen
i skulehuset er eit glimrande høve til å treffe både fastbuande, dei som er
heime i påska og hyttefolket. Arrangørane fortel at truleg
så mange som 50 personar var innom kafeen i løpet av langfredag ettermiddag.
|
|
| Påskeharen hadde lagt ut påskeegg rundt skulen... |
|

|
| ... og gleda var stor då ein fann sitt eige påskeegg fullt av påskesnop. |
 |
| I skulestova kunne ein spele og leike. |
 |
| Det var òg god leik utanfor skulehuset.. |
|

|
|
Fire flinke jenter underheldt med eigenkomponert song.
|
 |
| Påska har tidlegare år vore ein god fiskeperiode ved Fjellvatnet, men ikkje i 2010 då isen låg tjukk i april. Då er det ekstra kjekt å kunne treffast i skulen til kaffi, kaker og sosialt samvær. |