Fredag 17.07. klokka 18:00 kjem ordførar Alfred Bjørlo og varaordførar Siri Sandvik til Barmøy grendahus.

Besøket er ein del av rundturen til ordførar og varaordførar i Stad kommune. Dei to er interessert i høyre kva folket på Barmen har av innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel. Alle er velkomne til å kome med spørsmål og innspel.

Ordførar og varaordførar vil også få ein guida tur rundt på øya under besøket.

Om ein vil lese meir om kommuneplanen, kan ein gjere det på nettsida til Stad kommune.