Vi er ikkje mange som bur her, men vi har det fantastisk triveleg saman.

Øya Barmen ligg i flott vestlandsnatur på 62. breiddegrad i Selje kommune, ytst i Nordfjord, mellom den mektige Stadhalvøya og storhavet i vest. Barmen har ein natur som kombinerer hav og fjell. Her er det korte avstandar frå eit hav rikt på fisk til flott turterreng i fjellet.

I tillegg har Barmen eit levande bygdesamfunn der alle dreg i lag, ung som gammal. I løpet av året vert det arrangert juletrefest, basar, julebord, temafestar, kafèar med meir, der alle deltek på den eine eller andre måten. Vi er ikkje så mange som bur her, men vi har det fantastisk triveleg saman. Og vi har plass til fleire!

For å få eit inntrykk av både geografi, næringsliv og folket på Barmen er det nok best å sjølv besøkje øya. Så det er berre å ta turen! For å hjelpe litt til og vise kva de har i vente kan de under sjå ein liten presentasjonsvideo av kvar av dei fire bygdene på øya, Barmen, Røyset, Vikja og Fjellet.

BARMEN- grenda med ferjeleiet

Barmen er den første bygda ein kjem til med ferja. Dette er den største bygda på øya. (Video: Håvar Fagerli)

RØYSET – grenda nord på øya

Etter ein fem kilometer lang biltur langs Røysetstranda kjem ein til bygda Røyset. (Video: Håvar Fagerli)

VIKJA – grenda mot storhavet

Vikja ligg fint til ved storhavet, 4,7 km frå ferjekaia i Barmen. (Video: Håvar Fagerli)

FJELLET- grenda 130 m.o.h.

Fjellet, eller Myklebust, ligg 130 m.o.h. og 4,5 kilometer frå ferjekaia i Barmen. Her bur det både skuleborn og vaksne som pendlar til fastlandet kvar yrkedag. Her finn ein den største besteninga av gammalnorsk spælsau i regionen og Barmøy grendehus. (Video: Håvar Fagerli)

SKJOLDEN – friluftsområdet

Barmen er kåra til det mest attraktive friluftsområdet (2016) i tidlegare Selje kommune. Den høgste fjelltoppen på øya, Skjolden (545 m.o.h.) er eit populært turmål i regionen og er på turprogrammet til Ytre Fjordane Turlag. (Video: Håvar Fagerli)

ØYA VÅR – ein film frå Barmen

Ein dronefilm frå Barmen. (Video: Håvar Fagerli)

SOSIALT - 17. mai

Slik feirar vi 17. mai. (Video: Håvar Fagerli)