Frå 1. juni overtek Vidar Hop Skyssbåter AS drifta av ferjesambandet Barmen-Barmsund. Den nye elektriske ferja bygd av komposittmateriale, ved Måløy Verft vekkjer oppsikt. 

I dag, 2. april 2019, var den nye ferja ei stund toppsaka til nrk.no.

Hans Kristian Hop i Vidar Hop Skyssbåter AS har tidlegare sagt til barmen.no at dei har statsa på å byggje ei ny ferje som både er innovativ, funksjonell og fin å sjå til.

– Med sine gode og innovative løysingar er vi sikre på at ferja kjem til å bli eit flott framkomstmiddel, og ikkje minst ein attraktiv arbeidplass, seier Hop til barmen.no.

Samtidig har kaianlegga i Barmen og Barmsund blitt utbetra. Og det skal leggast til rette for lading for den elektriske ferja ved begge kaiene, der ferja skal ha fast liggeplass i Barmen.