– Vi er stolte av å kunne presentere denne fullelektriske ferja til dei fastbuande og tilreisande på Barmøy, seier Hans Kristian Hop i Vidar Hop Skyssbåter AS til barmen.no.
Vidar Hop Skyssbåter AS vann anbodet på ferjestrekninga Barmen-Barmsund, og skal setje inn ei heilt ny fulleletrisk bilferje på sambandet. Ferja er teikna av Easy Form AS i lag med Vidar Hop Skyssbåter AS.
– Under utforming av ferja har vi lagt stor vekt på at ferja skal vere nyskapande i design, funksjon og ikkje minst i framdrift.

Base i Barmen
Noko av det som har vore viktig for lokalbefolkninga er at den nye ferja skulle ha landligge i Barmen då ho ikkje var i drift. No kan Vidar Hop Skyssbåter AS stadfeste at ferja skal ha Barmen som hamn.
– Ferja skal ha fast liggje i hamn på Barmøy, medan den vil kunne ta i mot lading både frå Barmøy og Barmsund, seier Hans Kristian Hop til barmen.no.
Innovativ og attraktiv arbeidsplass
– Vi er håpar at ferja kjem til å skape eit stort engasjement hos både lokalbefolkninga og tilreisande, og vi håpar at dei blir like stolte av ferja som vi i Vidar Hop Skyssbåter AS er, seier Hans Kristian Hop.
– Med sine gode og innovative løysingar er vi sikre på at ferja kjem til å bli eit flott framkomstmiddel og ikkje minst ein attraktiv arbeidplass, seier Hop til barmen.no
