Barmøy,02.05.04

 

Til Fylkesutvalet Sogn & Fjordane

Frå  Næringslivet på Barmen

 

FERJERUTA  BARMSUND – BARMEN (Barmøyferja)

 

Vi er blitt gjort kjent med at  Fylkesutvalet skal handssame spørsmålet om ny/ istandsetting av den gamle Barmøyferja

 

For næringslivet på øya, er det viktig å få til ei langsiktig og framtidsretta løysing på ferjedrifta til og frå øya.

 

Øya er inne i ein positiv trend, der det vert investert i arbidsplassar. Næringslivet består bl.a. av  smolt- og rakfiskproduksjon , turisme , kurs verksemd, landbruk, fiske og husflid..

 

Vi har for så vidt vore godt tente med den ferja vi har, men vi ser no at tungtransportbilene vert stadig større, og t.d. betongbilar og kranbilar ikkje kan ta med last.   

 

Personbilkapasiteten er sprengt i  deler av året. Det er bare godvilje frå ferjerederiet som har køyrt ekstra, som har kunne hindre uakseptable lange ventetider for transportørar av levende yngel, fisk ,kjølevarer, mjølketransport etc.

        

Auke i biltrafikken  frå 2001 – 2003 er ca 600 bilar

 

Frå rederiet får vi opplyst at den nye ferja som dei har på hand er den einaste i marknaden  som kan settast inn utan vesentleg ombygging av eksisterande ferjelemmar.  Dagens ferje, med motor som gikk ut av produksjon i 1970, vil ikkje vare evig. I tillegg til at motordelar begynner å bli vanskelig å skaffe.

Vi er sterkt uroa over kva stilling vi kan kome i dersom det no vert satsa på istandsetting av den gamle ferja. Ved eit nytt teknisk havari, kan det vise seg umogeleg å skaffe erstatningsferje som kan brukast utan ombygging av ferjeleiene på begge side av fjorden.

Eit lengre avbrekk i ferjedrifta vil sjølvsagt føre til store økonomiske tap for oss, og vil vel også utløyse store summar frå det offentlige. 

 

Som konklusjon vil vi be fylkesutvalet velje alternativet med ny ferje. Det vil gje ei god løysing også på lang sikt, og vil  virke positivt inn på næringsliv- og busettingsutvikling.

 

 

Vennlig helsing

 

Rakmakeren ANS     Fjellfisk As         Ingmar Solvåg              Torbjørn Solvåg

 

Gudfinna Solvåg           Kjell Hagelid

 

tilbake