Heile 80 personar trassa regnet og kom til Barmen pÄ bygdevandring 30.06.2019.
Arrangementet var ein del av Stadar i Stad sitt turprogram, og lokal arrangĂžr var BarmĂžy bygdelag.
DÄ ferja kom over til fastlandet var heile ferjekaia smekkfull av bilar og spente bygdevandrarar. Ferja sende med ein gong melding til grendahuset at her mÄtte ein berre fÞrebu seg til storinnrykk. Ferja mÄtte gÄ to gongar, og folket vart skyssa opp til grendahuset. Det vart litt venting for den fÞrste pulja, men dei fekk sjÄ litt dronefilm frÄ Þya. Noko som kunne vere opplysande med tanke pÄ skodda som lÄg tjukk over Barmen.

Svein Barmen ynskte alle velkomen, og gjestene fekk velje mellom guida biltur rundt pÄ Þya, fiske i Fjelltantet, guida tur/natursti til Solstien, guida fottur rundt Fjellvatnet og guida fjelltur til Skjolden.
Under finn de nokre bilete frÄ den guida bilturen rundt pÄ Þya.














Her kan de sjÄ dronefilmane som vart synt fram i grendahuset.