|
(Foto: Håvar Fagerli)
Beredskapsnemnda i Barmøy bygdelag er no i ferd med å
kartlegge aktuelle landingsplassar på øya for luftambulansen.
Beredskapsnemnda her vore i kontakt med Norsk Luftambulanse
si avdeling i Førde med tanke på kartlegging av landingsplassar for
legehelikopteret.
Det skal no gjerast eit arbeid med å fotografere og
GPS-merke landingsplassar som kan eigne seg for Luftambulansen sine helikopter.
Beredskapsnemnda har òg ansvar for hjartestartaren. Det skal
i haust haldast oppfriskingskurs for dei som er sertifiserte til bruk av
halvautomatisk hjartestartar. Det er òg ønskje om å rekruttere fleire som kan
ta dette sertifikatet. Om nokon kan
tenkje seg å ta kurset, er det berre å ta kontakt.
Når det gjeld brannberedskap har bygdelaget plassert ut
brannriver i Barmen, på Fjellet og på Røyset.
Beredskapsnemnda i Barmøy Bygdelag er:
Stig Evjen
Kariann Myklebust Fagerli
Håvar Fagerli
|