|
Jonsokfeiringa vart i år flytta frå 23. til 24. juni. Dette var ei klok avgjersle av "Bevare meg vel" som stod som arrangør. Sjølv om det var litt kaldt, var veret mykje betre enn dagen før då det var kuling og regn. "Bevare meg vel" hadde laga sveler og rømekolle som smakte heilt fortreffeleg. Det vart sett opp ein betalingsautomat som glei svært godt inn i miljøet. (Sjå biletet til venstre).
På førehand hadde "Bevare meg vel" kalla inn til dugnad, og det var blitt veldig fint rundt Ekrenaustet på Røyset. Den nye grillen, laga av Gunnar Solvåg, var veldig populær. Her kunne ein sjølvsagt få grilla det ein ville ha, men ein fekk også ein fin samlingsplass og mykje kjærkomen varme frå grillkola. Godt jobba, Gunnar!
Sidan det var eit arrangement i regi av "Bevare meg vel" vart det leika ein heil del. Vi hoppa sekkeløp og sprang potetløp og heldt varmen fram til Svein Røyset fyrte opp bålet. Ein svært kjekk kveld på Røyset trass det kalde veret.
Aslaug Barmen las diktet "Det gamle naustet" av Hermann Joahnsen-Hofstad. Dette var eit svært passande dikt som vart flott framført av Aslaug heilt i starten av jonsokfeiringa.

|