Sjølv om Johanna Magdeli Pettersson Utvær (19) har jobba for gullvinnarar frå Bocuse d’Or og lært seg kokkekunst på høgt nivå, trivast Johanna aller best med å lage vegetarrettar med råvarer frå Barmen.

Dette seier Johanna i eit større portrettintervju som står i Aftenposten sitt magasin Mat fra Norge.

Johanna legg ikkje skjul på kvar ho kjem frå, og kvar interessen for matlaging kjem frå.

– Når det er kantarellsesong er det lite som smakar betre enn smørsteikte kantarellar frå pappa sin hemmelege stad på Barmen, seier Johanna til Mat fra Norge.

Johanna starta karrieren som elev ved Restaurant- og matfag ved Måløy vidaregåande skule. På spørsmål om kven som er forbilda til Johanna blant norske kokkar og kjøkensjefar, svarar ho Bente Vonheim, lærar ved Måløy vidaregåande skule og eigar av restaurant Kraftstasjonen i Måløy. Johanna har allereie ei brei erfaring som kokk i både Norge og Sverige. Johanna har også vunne gull på skule-NM i 2018.

Alle vi på Barmen er stolt av Johanna, og alt ho har fått til.  Det er veldig kjekt å lese det Johanna seier om heimstaden sin og om dei gode råvarene frå Barmen.

Barmen.no vil oppmode alle om å kjøpe septemberutgåva av Aftenposten sitt magasin Mat fra Norge. I tillegg til ni sider om Johanna, kan ein også få oppskrifta til Johanna sin spesialmeny:

Førerett: Smørsteikte kantarellar (frå Barmen)
Hovudrett: Skinnsteikt lysing
Dessert: Rømepudding