fVi inviterar til skotårsfest i grendahuset laurdag 3. mars klokka 1900. Det blir festmiddag, underhaldning og dans til god musikk. Pris er kroner 300 pr person, betalast ved inngongen. Dette dekkar velkomstdrink, middag med drikke, kaffi avec og levande musikk. Bindande påmelding (maks. 70 - først til mølla) innan 17. februar til:
Tor Ivar (911 36 294) eller Audny (930 52 923) eller Arnhild (57 85 81 42)
GODT NYTT ÅR! - SKOTÅRSFEST 03.03.2012 (31.12.2011)
Barmen.no ynskjer alle som har følgt oss i 2011 eit godt nytt år i 2012!
Nyttar høvet til å minne om skotårsfesten 3. mars 2012
- FOLKET PÅ BARMEN KLAGAR LITE, OG ER TOLMODIGE (29.12.2011)
Sjølv om folket på Barmen måtte vente i fire døgn før dei fek straum, var det lite klager frå øya. SFE skryt av tolmodet til øyfolket. Då må barmen.no få skryte tilbake, og takke montørane frå SFE for ein framifrå innstats dei siste døgera. Her er montørane Fivelstad og Brattheim i ferd med å skifte ut nokre øydelagte sikringar på Fjellet. Hunden Bella er òg tydeleg glad for å få lys i huset igjen. Sjå bilete frå orkanen Dagmar her.
DAGMAR ØYDELA JULETREFESTEN...OG MYKJE MEIR (29.12.2011)
1. juledag er det tradisjon at det skal vere ein fredeleg dag. Nokre meiner òg at denne dagen er det ikkje lov til å renne ned dørene til naboen. Men ei uhøfleg dame med namn Dagmar heldt ikkje denne tradisjonen i hevd. Orkanen Dagmar herja med store delar av Noreg kvelden 1. juledag. Også Barmen fekk besøk av denne strenge dama. Sjølve grendahuset greidde seg bra orkannatta, men straumtilførselen vart riven ut av veggen då eit tre la seg over linja. Med det hadde Dagmar øydelagt både juletre- og juletrefot-festen jula 2011. Sjå bilete frå orkanen her.
TIL BARMEN I JULA? - SJEKK FERJERUTENE (18.12.2011)
Laurdag 10.09.2011 var grunneigarar, hytteeigarar og andre med tilknyting til øya inviterte til fest i grendahuset. Nemda takkar alle dei frammøtte for ein svært triveleg kveld. Foto: Ingmar Solvåg
TRIMMING AV VALFLESK MÅNDAG 05.09. (29.08.2011)
Vil du vere med å trimme vekk litt valflesk? Møt opp i grendahuset måndag 5. september klokka 20. Les meir
Ein sommar er over. Ferja er tilbake til vinterrute.
BARMEN GODT REPRESENTERT PÅ SOMMARLUTT (09.08.2011)
The Pink Robots var eit av banda på NRK Sommarlutt på Nordfjordeid i sommar. Bassist Gunnar er oppvaksen på Barmen, og gitarist John Erik pendla frå fastlandet til barnehagen på øya. Sjå meir frå Sommarlutt 2011 her.
- EIN FANTASTISK DAG PÅ BARMEN (05.08.2011)
- Alle vi som fiskar i fjellvatn veit at vi ikkje kan få storfisk kvar gong vi
fiskar, men vi fekk full klaff på vår første tur til Barmen, det var ein
fantastisk dag, seier Bjørn Skoge. Les meir om blåturen til Barmen her.
Kjell og Sigrid Hagelid var søndag 19. juni på tur i Lagsvika. Der fann dei ein flaskepost som vart kasta i havet utanfor Danmark for over sju år sidan. Kjell har vore i kontakt med dansken som sende flaskeposten, og han var glad for at Barmen kunne melde om at dei hadde funne flaskepost nummer 1060. Ein kan no seie at Barmen har endå sterkare band til Danmark. Flaskeposten vart kasta i Kattegat 25. april 2004 av Erik Pedersen. Les meir om Pedersen her.
Sander og Ståle hadde sentrale roller i starten av Dragseidspelet "På Sverdeggja". Les meir på fjellar.no.
DET VART BLÅ HIMMEL TIL SLUTT (17.05.2011)
Det vart ei flott feiring av nasjonaldagen på Barmen. Les meir.
NYE FERJERUTER FRÅ 1. MAI (30.04.2011)
Ferja frå Barmen klokka 1920 vert endra til 1930 med retur frå Barmsund klokka 2000. Det vil seie at ferja frå Barmen klokka 1950 går ut. På fredag vert det sett inn ei rute frå Barmen klokka 1315 med retur klokka 1325. Les meir.
BINGOSUKSESS I GRENDAHUSET (25.04.2011)
Stor speleglede i grendahuset på skjærtorsdag. Les meir
AKTIVITETAR I PÅSKA:
Laurdag 16. april: Tove og Tor Ivar inviterer borna til cowboyfest klokka 1600-2000. Les meir.
Torsdag 21. april: Påskebingo i grendahuset! KLOKKA 1800!
GLINSANDE NYTT KJØKEN I GRENDAHUSET (31.03.2011)
Med iherdig dugnadsinnsats og økonomisk støtte frå grunneigarlaget vert resultatet slik. Les meir.
FERJA ER TILBAKE I RUTE ETTER VERKSTADOPPHALD (05.04.2011)
Kvar 17. mai dei siste åra har Barmen fått besøk av Flatraket skulekorps. Søndag 27. mars arrangerte korspet i skulekrinsen musikkbasar, og barmen.no vil gratulerere korpset med ein flott konsert og god basarstemning. Vi vil òg nytte høvet til å gratulere med vel overstått 40-årsdag i 2010. Velkomne til Barmen 17. mai. Vi gler oss!
ALFRED SERVERER "KLOMPESUPA" I NORGE-RUNDT (26.03.2011)
Alfred Myklebust held mattradisjonane frå Barmen i hevd. Dette resulterte i eit flott innslag i fjernsynsprogrammet Norge Rundt. Her inviterte Alfred og Anne Laila til ein god middag, med "klompesupa" på menyen. Klikk på denne lenkja for å sjå innslaget.
PÅSKEBINGO I GRENDAHUSET PÅ SKJÆRTORSDAG (26.03.2011)
VÅREN ER HER: FJELLVATNET ER OPE FOR FISKE (16.03.2011)
Fiskesesongen er i gang. Skitt fiske! (Biletet syner nyfanga aure rett frå Fjellvatnet). Les meir
TA DEG EIN RUNDTUR PÅ BARMEN MED GOOGLE (09.01.2011)
Ta deg ein rundtur på Barmen med Google. Klikk her.
Det var godt besøk på bygdekinoen søndag 12. desember.
BRANNRIVENE REDDA GRENDAHUSET (28.11.2010)
Det kunne gått skikkleg gale då ein større lyngbrann starta i
nærleiken av grendahuset. Grunneigarlaget har tidlegare kjøpt inn tjue
brannriver, og desse kom godt med i det som utvikla seg til ein dramatisk
lyngbrann. Rask lokal mobilisering gjorde eit ein greidde å sløkkje brannen før
Selje brannvern kom til staden. Selje brannvern rykte ut med to bilar og fem mann. Dei sa at bygdefolket hadde gjort eit godt sløkkjearbeid med brannrivne, og alle prisa seg lukkelege for at ein greidde å unngå at brannen spreie seg til granene ved grendahuset.
Det heile enda godt, og både lokale
brannkjemparar og det kommunale brannvernet kunne avslutte dagen med ein god kopp kaffi
i grendahuset. Heldigvis slapp vi å sitje ute!!!
FJELLVATNET ER STENGT FOR FISKE MELLOM 15.11.2010 - 15.03.2011
BOKBÅTEN KJEM LAURDAG 06.11. (MEN DENNE GONGEN UTAN BARNE-TV) (19.10.2010)
Bokbåten "Epos" kjem til Barmen laurdag 06. november klokka 13.30. Program klokka 14.30.
I samband med bokbåtbesøket på Barmen førre haust vart det laga eit barne-tv program i serien "Her er eg".
Helmut Hanné frå Bochum i Tyskland har feriert på Barmen, og har fanga ein flott videosnutt der ei ørn sveva rett forbi båten utanfor øya. Takk til Helmut Hanné for at han vil dele denne opplevinga med oss. (De kan sjå videoen i eit større vindauge med å høgreklikke og trykkje på zoom) God fornøyelse!
Alle morgonfuglar har sjansen til å sjå barne-tv frå Barmen 16. september klokka 0700 på NRK Super. Programmet vert òg sendt klokka 1100 same dag. Sjølve premieren på barne-tv klokka 18 på NRK Super vert måndag 27.09. Opptaka vart gjort i oktober 2009, og handlar om Kristianne som gler seg til å få besøk av bokbåten "Epos". Les meir om programmet her.
NABOØYA LÅG I VEGEN FOR SOLNEDGANG I HAVET (05.09.2010)
Laurdag 4. september møtte mange opp i Vikja til sosialt samvær, bål og grilling.
Det var stor spaning om ein fekk sjå sola gå i havet denne kvelden. Sjølv om ei
anna øy skugga for solnedgangen vart det ein fantastisk koseleg kveld i Vikja i nydeleg vêr. På
Barmøy er det fantastisk fint å bu! Tusen takk til Knut-Steffen, Ingmar,
Norunn, Ingrid Oline og Odd Henrik for eit flott initiativ, bål og gode krabber.
Sjå fleire bilete frå den trivlege kvelden i Vikja.
EIN GOD DAG PÅ JOBBEN (05.09.2010)
Bjørn på ferja er som kjent ein ivrig sportsfiskar, og det å
jobbe på ferja har sine fordelar. Les meir
SISTE SJANSE TIL Å SJÅ SOLA GÅ I HAVET I ÅR? (02.09.2010)
Dei i Vikja inviterer til bålbrenning og sosialt samvær i fjøra laurdag 04.09. klokka 1800. Initiativtakarane stiller med ved til småbål for kos og grilling. Dei håpar òg å kunne servere nykokt krabbe. Vikarane har òg laga til eit større bål, og dei håpar at vindretninga tillet ei ekstra jonsokfeiring i september. Barmen.no prisar det gode initiativet, og håpar at flest mogleg finn vegen til Vikja denne laurdagskvelden. Redaksjonen vil sjølvsagt vere til stades med full dekning.
ARBEIDET MED FERJELEMMANE ER GODT I GANG (01.09.2010)
Onsdag 1. september starta arbeidet med utskiftinga av
ferjelemmane i Barmen og i Barmsund. I arbeidet med monteringa av ferjelemmane
vert det brukt ei stor mobilkran. Først ute er ferjelemmen på fastlandet, medan
til arbeidet i Barmen skal det brukast ei spesialferje til mobilkrana.
Ferjesambandet vert først stengt for køyrety frå og med laurdag 4. september.
Stenginga og arbeidet er venta å halde fram til og med onsdag 8. september. For
meir informasjon kan ein kontakte Barmøyferja AS på telefon 911 89 343.
STENGING AV FERJESAMBANDET BARMEN-BARMSUND (31.08.2010)
På grunn av utskifting av ferjelemmane vert ferjesambandet
Barmen – Barmsund stengt for køyrety i tida laurdag 4. september til og med onsdag 8.
september. For opplysning om nøyaktig tid for stenging og opning tlf
91189343. Persontransport vil gå etter oppsett rute.
GOOGLE SET BARMEN PÅ KARTET (17.08.2010)
Vanlegvis kjem Google til Barmen gjennom telefonleidningen,
men 17. august 2010 kom den kjende søkjemotoren over til øya med ferja. Årsaka til
dette var at Google filma kvar ein vegstubb på øya. Representanten frå Google
seier til barmen.no at innan eit halvt år kan ein ta seg ein tur på Barmen med
internett. Før Barmen kjem på nett kan de her ta ein prøvetur på Torgallmenningen
i Bergen.Barmen.no melder når de kan ta ein tur på Barmen i frå sofakroken.
MORGONSTEMNING I SMÅBÅTHAMNA
EIN SOMMAR ER OVER.......VINTERRUTER FRÅ 16. AUGUST (14.08.2010)
Barmen kan by på det meste, men ikkje
ferjesveler. Då var dei som reiste med ferja fredag 6. august ekstra heldige;
Johanna og Daniel serverte då sveler, brus og kaffi til dei mange reisande. Dei
unge servitørane hadde fått god hjelp frå grannane på Tuftane.
DELEGASJON FRÅ BARMEN PÅ FESTIVAL (08.08.2010)
Folket frå Barmen er kjende for godt samhald – også når dei
ferdast på fastlandet. Her er ein delegasjon samla på Malakoff Rockfestival på
Nordfjordeid. Om dei greidde å signere band til julebordet 2010 er uvisst.
ALLE VIL TIL BARMEN (26.07.2010)
Det er hektiske dagar for ferjemannskapet på "Barmøy" då så mange som 143 passasjerar reiser med ferja på ein dag. Det er framleis plass til fleire - ferjerutene finn de her.
TRIVELEG JONSOKFEIRING PÅ RØYSET (24.06.2010)
Det var både folksamt og god sommarstemning ved nausta på Røyset. Les meir
JONSOKFEIRING PÅ RØYSET ONSDAG 23. JUNI KLOKKA 1730 (17.06.2010)
Det blir tradisjonell jonsokfeiring på Røyset onsdag 23. juni klokka 1730. Det blir bål og fyr på grillen. Ta med det de vil ete og drikke.
Barmøyferja går sommarruter frå 20 juni til 15. august. Sommarruter
17. MAI PÅ BARMEN 2010 (17.05.2010)
Toget på Barmen heldt ruta, og alle var samde om at det hadde vore ein fin dag. Les meir.
MAI STARTA MED SNØ, MEN BLOMAR OG FISKARAR HELD STAND (01.05.2010)
MAIS SKAPAR STORE VANSKAR I FJELLVATNET (29.04.2010)
Grunneigarlaget informerer om at det er strengt forbode å nytte mais og andre matvarer som agn i Fjellvatnet og Heidavatnet. Grunneigarlaget fortel at mais er tungt fordøyeleg og unaturleg føde for fisken, i tillegg til at fiske med mais øydelegg for andre fiskarar som nyttar lovleg agn som mark og sluk. Når det er sagt, vert det meldt om svært godt fiske i Fjellvatnet. Dei som melder dette har brukt lovleg agn som mark frå Barmøy, spinnar og sluk. Hjarteleg velkomne til ei god fiskeoppleving - UTAN mais og andre matvarer!
Angeln mit Garnelen und Mais sind verboten! Lebensmittel
können nicht als Köder verwendet werden. Danke!
BARMØYFERJA TILBAKE I RUTE (24.04.2010)
Barmøyferja er tilbake i rute etter sitt årlege verkstadopphald.
ENDELEG! FJELLVATNET ER ISFRITT OG OPNA FOR FISKE. (10.04.2010)
FULLT HUS I SKULEN UNDER PÅSKEKAFEEN (02.04.2010
Påska
er tida for folkevekst. Med det vart det fullt skulehus på den tradisjonelle
påskekafeen ilangfredag 2. april 2010.
Det er difor desverre ikkje mogleg å fiske i Fjellvatnet. Barmen.no melder når våren og fiskesesongen startar på Barmen
GOD STEMNING UNDER KARNEVALET I GRENDAHUSET
Både prinsesser, klovnar og superheltar hadde ein kjekk karnevalsfest i Grendahuset laurdag 14. februar.
HØGE BRØYTEKANTAR, MEN IKKJE STENGTE VEGAR PÅ BARMEN
Medan andre øyar måtte kaste inn handkleet, heldt Torbjørn vintervegane på Barmen opne i snøkaven natt til 5. februar. Barmøens Pendlarlag helsar til den tapre brøytesjåføren.
Ei hemmeleg gruppering av bygdelaget starta før
jul opp med eit prosjekt som skal knekke flåtten på øya. Dette kom i gang etter
eit godt samarbeid med Sibir, som har sendt kaldluft til Barmen i fleire veker.
Ein biverknad av dette kalde samarbeidet er ein god del centimeter med snø. Det
har blitt svært mange turar for plogen. Torbjørn har halde vegane opne
på ein god måte i veker med snø og kulde
PUBLIKUMSREKORD - 44 SÅG "JULENATT I BLÅFJELL"
Mange var på jakt etter den gode julesetmninga onsdag 16. desember 2009. Heile 44 små og store betalte seg inn på kinoen i Grendahuset for å sjå raudnissar og blånissar. Roar i Bygdekinoen seier at dette er ny publikumsrekord for kinoen på Barmen. Den gamle publikumsrekorden var 39 tilskodarar. For ordens skuld kan vi opplyse om at det er 37 fastbuande på øya, og at ferja hadde ein god dag denne desemberdagen.
FJELLVATNET ER STENGT FOR FISKE MELLOM 15.11.2009 - 15.03.2010
BARNE-TV OG BOKBÅT BESØKTE BARMEN
Ein gong i 2010 kan du sjå barne-tv frå då bokbåten besøkte Barmen 31.10.2009. Les meir
DET KOM INN OVER 12.000 KRONER BRUTTO PÅ GRENDAHUSBASAREN
Barmøy bygdelag vil takke alle som deltok på basaren søndag 25.10.2009. Her kan du sjå nokre bilete frå basaren.
NESJARANE NYBAKTE NORGESMEISTRAR
Rakmakaren ANS har den beste rakfisken i Norge i klassen for oppdrettsfisk. 15 produsentar deltok under norgesmeisterskapen i raksfisk som vart arrangert 23. -25.10.09. Vi gratulerer Magni og Egil som norgesmeistrar.
BARMEN.NO FUNGERER ÒG PÅ HØGFJELLET
Vi har tidlegare funne ut at barmen.no fungerer i utlandet. Ein sommardag i 2009 reiste eit følgje på fire til fjellet Skåla (1848 m.o.h.) for å sjå om barmen.no også fungerte i høgfjellet. Vi kan glede alle med at: Ja, barmen.no fungerer 1848 meter over havet. Les meir
TILBAKE TIL ORDINÆRE FERJERUTER
Frå og med laurdag 15. august går igjen barmøyferja etter ordinære ruter.
Barmøy bygdelag takkar for tida saman, og ynskjer
lukke til vidare!
Jonsokaftan var
heile øya samla på Røyset for å ta farvel med Ruuf, Ebbe, Gils, Gabriëla og
Gerard. Den kreative og positive familien flyttar i sommar til Frøya. Barmen
misser med det fem flotte sambygdingar. Les meir
DUGNAD PÅ VEGEN TIL GRENDAHUSET
Før nasjonaldagen vart dei mange holene på den kommunale vegen til grendahuset tetta igjen. (Foto: Håvar Fagerli)
EIN FLOTT 17. MAI-BUKETT SONG NASJONALSONGEN
Både flott vêr og flinke born gjorde nasjonaldagen på Barmen til ein sikkeleg festdag. (Foto: Håvar Fagerli)
FLEIRTAL I KOMMUNESTYRET FOR HYTTEFELT
Kommunestyret i Selje avgjorde onsdag 29.04.2009 med knapt fleirtal at det kan byggjast hyttefelt i Barmen.
Bruk lenkjene nedanfor til å lese meir. Bygdelaget har klaga på saksgangen, og saka kjem truleg opp på nytt.
Langfredag vart det tromma saman til påskekafé i skulen. Mange
møtte opp, men få ville sitje i ro. Det brukar å bli slik når folk samlast her
på øya. Fotballbana på skuleplassen vart flittig brukt, og innandørs kunne
folket få att pulsen med hjelp frå kaffi, kaker og brus. Initiativtakarane kan
fortelje at det kom inn 1.435 kroner brutto til skulebygget.
(Foto: Hanne Marie
Utvær)
KONTAKT BYGDELAGET
Kariann Myklebust Fagerli er kontaktperson for Barmøy bygdelag.
Sjølv om vårsola
varma godt i husveggane, fann mange vegen til Barmen og bokbåten ”Epos”. To
gongar i året legg bokbåten ”Epos” til kai i Barmen, og det er eit kjært og
godt tilbod for både øybuarane og mange andre.
JAMES BOND ORDNA OPP I GRENDAHUSET
Det var svært godt besøk på kinoframsyningane søndag 30. november.
Det var uoffisiell publikumsrekord då 15 kinogjengarar frå både øy og fastland
betalte seg inn på James Bond "Quantum
of Solace”. Barnefilmane har som kjent hatt gode besøkstal, det var også
tilfelle på ”Madagaskar2”.
HØYRINGSUTTALE FRÅ SOGN OG FJORDANE TURLAG
Sogn og Fjordane Turlag har sendt høyringsuttale til reguleringsplan for hyttefelt på Barmøy.
Endeleg er det igjen mogleg å skrive namnet sitt i ei bok på
Skjolden. Takk til to ivrige turgåarar i turlaget.
Det spreke paret utfordrar no andre turgåarar til å ta seg
turar opp på det høgste punktet på øya. Les meir.
KARTLEGG LANDINGSPLASSAR PÅ BARMØY
Beredskapsnemnda i Barmøy bygdelag er no i ferd med å
kartlegge aktuelle landingsplassar på øya for luftambulansen. Les meir.
GODE VINAR FRÅ BARMEN
Lars Barmen har i vår lansert to nye vinar, med det velklingande namnet: Barmen. Både raudvinen og kvitvinen er å finne på vinmonopola i distriktet. Den raude vinen er ein Sangiovese frå
Toscana, og den kvite ein Pinot Grigio frå Lombardia. Vi gratulerer Lars med to gode vinar!
REGULERINGSFRAMLEGG TIL HYTTEBYGGING
Framlegget til reguleringsplan for utbygging av hyttefelt ved Fjellvatnet og i Barmen er no sendt til Selje kommune for politisk handsaming. Søkjar vil at framlegget skal ligge ope for alle, som rein informasjon.Offentleg ettersyn kjem etter eit eventuelt vedtak i Selje kommune. Det er store vedlegg, og kan difor ta litt tid å laste ned. Filene opnast i Adobe Reader.
Det vart ein merkedag for alle isomanar på øya då isbilen fann vegen over Barmsundet ein kveld tidleg i mai. Øyfolket gjekk mann av huse til tonane frå Grieg sin "Norsk dans nummer 2" for å fylle frysarane med is.
INGA KJÆRE MOR PÅ SKULEPLASSEN
Det skal mykje til for å stoppe damene på Barmen. Då snøen hadde lagt eit kvitt teppe over øya ein av dei siste onsdagane i mars, vart det tromma saman til skikkeleg rugbykamp på skuleplassen. Sjølv med harde taklingar og stor innsats, vert det ikkje meldt om skader av noko slag. Les meir.
SVEIN SIKRA SILDEMIDDAGEN
Det vart ein god dag for vår lokale fiskehelt då han kom opp i eit fantastisk sildeeventyr. Truverdige kjelder fortel at det må vere snakk om tusenvis av sild fordelt på to garn. Han måtte bruke heile tre dagar for å løyse all silda ut av garna.
Det er allment kjent at Svein er ein omtenksam og snill kar. Det har difor blitt servert mange herlege sildemåltid rundt om på øya den siste tida. Sjå biletet her
Barmen i slutten av mars: Gjess og sauer på Myrane helsar våren velkomen.
FRÅ BARNE-TV TIL BARMEN
Lille Blå og hunden Voff har begge erfaring frå barne-tv. Laurdag 8. mars tok dei turen til Barmen saman med bokbåten Epos og mange hundre bøker.
Sjølv om damene hadde invitert
karane på trim, møtte dei ikkje opp. Det vert heller ikkje rapportert om
mannfolk på skogstur forbi skulen på det aktuelle tidspunktet. Talsmannen for
hjartestartargruppa fortel at han pusta letta ut då alle damene kom seg heim
for eiga maskin onsdag kveld.
Dei spreke damene kan fortelje at
dei skal samlast kvar onsdag framover våren. Det vart gjort ein idédugnad, og
damene skal gjennom alt frå volleyball til steppedans før dei tek sommarferie.
Hjartestartargruppa fortel at dei er mest skeptisk til onsdagen som har
rumpefotball på programmet.
2. pinsdag var det arrangert kafè i skulen. Inntektene av kake- og kaffisalet går til utbetringar av skulen. Finevêret dukka òg opp, og det vart fort uteservering på skuleplassen.
Ingrid Evjen har no starta på eit stort hageprosjekt heime i hagen hennar i Barmen. Den godt vaksne har no starta opp eit større murearbeid i den flotte hagen hennar for å gje meir plass til alle dei fine blomane hennar.
50 flittige dugnadshender la ned ein god innsats på skuleplassen palmehelga. Dei starta her kampen mot skogveksten på fotballbana, slik at ein igjen kan sjå begge fotballmåla. Elin serverte laurdagsgraut. Hanne Marie hadde laga til aktivitetar for ungane.
BIBLIOTEKET MÅTTE BERGAST
Bokbåten "Epos" fekk laurdag 17. mars 2007eit utlegg fast i propellane, og måtte ha
hjelp av bilferja "Barmøy" for å ikkje drive i fjøresteinane på øya Barmen i
Selje.
Skipper om bord på
bokbåten "Epos", Stian Rysjedal, seier at dei hadde god kontroll over situasjonen, og at "Barmøy" var komen opp til dei
før dei var dramatisk nær land.
ETTER DAGAR MED MINUSGRADER KOM VI OSS ENEDLEG PÅ ISEN
HELG MED FLEIRE AKTIVITETAR
Første helga i november var det duka for både basar og besøk av bokbåten. På laurdag fossa Epos inn til kaia i Barmen full av nye bøker og underhaldning. Ombord var Trond Magnum frå Abrakadabra teatret og synte teaterstykket ”Urokråka”.
Søndagen inviterte bygdelaget til basar til inntekt for grendahuset. .
HJORTEJAKTA ER I GANG
Hjortejakta som starta på søndag har til no resultert i ein felt hjort.
Skyttaren som "vann" denne gongen var Tor Fidje frå Lindesnes. Kolla vart skota på Fjellet, og hadde ei slaktevekt på 42 kilo.
Grunneigarlaget som organiserer jakta på Barmen har bestemt at ein skal skyte færre dyr enn i fjor. Lokale teljingar har synt at det truleg er færre hjortar på øya enn tidlegare. I tillegg vil grunneigarlaget prøve å få ein bestand av større dyr. Det er difor sett føringar på at det berre skal skytast unge koller utan kalv og små bukkar.
Hjortejakta varer til og med 15. november. Jegerar må hugse og notere ned talet på dyr dei ser i marka. Skitt jakt!
NYTT VESLEHUS PÅ RØYSET
Barmen er kjend for gode fiskevatn og flott natur. Øya kan no også skryte av truleg å vere den øya med flest utedoar pr. innbyggjar. Frå før står det to utedoar rundt Fjellvatnet, og no er også ein ny utedo på Røyset offisielt innvia.
Det er bedrifta Reset i Selje som har vore innhyra til å setje opp bygget på oppdrag frå grunneigarlaget. Når dei var ferdige vanka det kaker til arbeidskarane. Noko som fall i god smak.
STRÅLANDE 17.MAI.
Det vart ein strålande grunnlovsdag på Barmen. Flatraket skulekorps besøkte oss og skapte god stemning også i år. I grendahuset kunne vi mimre over 17. mai før i tida, kaste hestesko og piler, skyte med luftgevær og ete mykje is og kaker. Til venstre ser vi Odd Henrik ta leiinga framfor onkelen, Torbjørn, i det årvisse kappløpet ved grendahuset.
Langfredag var det påsketreff i skulen. Her kunne ungane leike, spele biljard, prate og handle kaffimat til inntekt for vedlikehald av skulen. Over 60 menneske møtte opp. Les meir.
BARMEN.NO FUNGERAR I UTLANDET!
For å finne ut om nettstaden fungerte i utlandet reiste to representantar til Fuerteventura for å finne ut dette. No som vi veit at det går, er vi interessert i å få bildehelsingar frå heile verda som vi kan publisere. Send bilde og gjerne litt tekst til fagerli@barmen.no.
ODD HENRIK PÅ TV 2
I beste sendetid laurdag 18.01. kunne ein sjå eit innslag frå Barmen og bokbåten. Odd Henrik gjorde ein strålande figur i fjernsynsruta og svarte godt for seg.
REFERAT FRÅ ÅRSMØTET I BYGDELAGET 26.02.06. KLIKK HER!
TV2 OG BOKBÅT PÅ BESØK
Laurdag 11.mars fekk barmarane besøk av bokbåten med TV2 på slep. TV2 lagar ein reportasje om bokbåten som etter planen skal synast i magasinet laurdag 18. mars.
Elles var det eit kjekt besøk av bokbåten med rimeleg godt frammøte og kjekt program for dei minste. På biletet til venstre ser vi intervjuar Kruse og kameramann Knudsen. Til høgre ser vi Barmandavinnar Svein svare rutinert på spørsmål frå media.
Det har i romjula og på nyåret vore eit kaldt og klårt ver i området. Det har difor lagt seg ein glimrande stålis på Fjellvatnet. Isen har vorte flittig nytta til skeiseløp og andre sosiale aktivitetar på Fjellvatnet. I tillegg vert det fine solnedgongar når lyset speglar seg i isen. Men no kjem mildveret, og det kan vere lenge til vi er så heldige å ha så fin is på vatnet igjen. HF 08.01.06
"NY SUKSESS FOR BARMADAGEN!"
Overskrifta er henta frå Fjordens Tidende 25. juli 2005. Barmen.no kan berre seie seg samde, og konstantere at godvèret og over 150 menneske møtte opp til Barmadagen 23.juli. Kokkelaget (f.v. Knut Haugland, Lars Barmen og Egil Myklebust) serverte eit herleg grillmåltid før ein fekk dansa frå seg i grendahuset til musikk frå Inge Ronny Kvåle med fleire. Les meir. HF 02.08.05
HER ER EIN LINK TIL EI BILETSIDE SOM VART LAGA I 2003. NYE BILETE VIL KOME SEINARE.bilete.htm
HJELPA ER NÆR!
Hausten 2002 kjøpte grunneigarlaget hjartestartar til bygdelaget på Barmen. 10.mai var det på tide med oppfriskingskurs for hjartestartargruppa på åtte medlemmar. Desse åtte er opplært i bruk av hjartestartar, og kan bruke den om det er naudsynt før medisinsk hjelp er på plass. Les meir. HF 13.05.05
STØTTEGRUPPE FOR BOKBÅTEN SKIPA PÅ BARMEN!
Med Kjell Hagelid som initiativtakar har ein no skipa ei støttegruppe for å bevare tilbodet med bokbåten. Hagelid har skrive ein artikkel om besøket bokbåten gjorde I Barmen 12.03. Les meir. HF 16.03.05
Les meir her. Det kan ta litt tid å laste ned. Kanskje kan du lese ei god bok medan du ventar? Les meir her
EVAKUERINGSTRENING PÅ BARMØY
Fredag 18.02. hadde Barmøyferja evakueringstrening. Dette var ei såkalla varsla trening. Det vil seie at passasjerane var førebudde. Alt gjekk greit, sjølv om matrosane Børje og Ståle såg litt som måtte rettast på. Vi slapp heldigvis å hoppe til havs denne gongen.
HF 24.02.05
ÅRSMØTET
2005
Søndag
13.02. vart det halde årsmøte i Barmøy bygdelag.
På biletet ser vi avtroppande vaktmeister Svein Røyset og sitjande leiar, Olaug Wold. Av saker som vart handsama var billettprisane på ferja der det vart bestemt at bygdelaget skulle halde eit innlegg på kommunestyret 16. februar. I følgje Fjordenes Tidende gjorde bygdelaget ved Olaug eit godt inntrykk på kommunestyret.
BARMADAG
2004
Barmadagen
2004 vart ein stor suksess: Mykje besøk ved Ekrenaustet på
Røyset, 150 betalande gjester til grillmåltidet og god
deltaking på dei ulike tevlingane.